Filmdagbok
ness
16-sept-2006

Stick It (2006)

Stick ItUser Rating: 5.4/10 (1,764 votes)

I motsetning til kameraføringa og klyppinga til denne filmen vil ikkje dette innlegget bli fancy. Eg har lite til overs for filmar som Stick It i; oppbygging, skodespel, manuskript og totalinntrykk. Men forutan den glorifiserte framstillinga av ei post-idretts, überpunka jente sitt nye, ufrivillige, forsøk på turnarenaen, så er det iallfall tre ting eg kan like her: tidlegare «Life As We Know It» medlem Missy Peregrym, scena med Electric Six’ Dance Commander i bakgrunnen og ei scene der Peregrym må ty til tårene. Eg er ingen gaulehans (kjønnsvridd tolking av Tamaras gauleguri), men sistnemnte var ei vakker scene.

Filmen klarar elles ikkje vekke særleg interesse, men gir ein lite smakebit av korleis livet for turnjenter er, om ein ser forbi alt tullet som er lagt til for å gjere det interessant og skape ein film av det. Litt breiddekunnskap har aldri skada nokon, men eg har fått min dose hopp og sprett frå den kanten av idrettsverden med dette.

Stick It hamnar på mange måtar i same bås som «Honey»; søt jente spelar talent. Synd eg er ikkje klarte å oversjå at «Stick It» skor seg på gammaldags filmteknikk ved å skjule ansiktet til utøvaren som skal representere Peregryms karakter.

Eg har dessutan bestemt meg for å ta meir i bruk det nederste steget på skalaen, så i forhold til mykje anna eg har sett i det siste blir eg litt strengare med denne filmen. Den er ikkje totalt bortkasta tid, men dårleg nok.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 

Stengt for kommentering.