A Prairie Home Companion (2006)
User Rating: 7.6/10 (2,647 votes)
Siste til Altman er ein film omkring ei sending av det kjente amerikanske radioprogrammet med same namn som filmen, som har gått frå ulike scener i over 30 år. Er litt usikker på historien på eit vis, for filmen var ikkje så interessant at eg tok meg bryet å sjekke opp særleg omkring den. Musikken er det som utgjer filmen, sammen med stemma til Garrison Keillor, som er ein av dei betre radiostemmene eg har høyrt, trass at programmet ikkje var så interessant.
Filmen er full av stjerner: Woody Harrelson, Tommy Lee Jones, Kevin Kline, Lindsay Lohan, Virginia Madsen, John C. Reilly og Meryl Streep, for å nemne dei største. Det, sammen med ein veldig sterk rating frå IMDb, gjorde vel sitt til at eg såg filmen, halvparten iallfall. Resten gjekk i bakgrunnen, for musikken fungerte så lenge eg slapp å sjå på at den skulle bli framført. Ignorance is bliss passar bra her. Er denne blandinga av country og gospel, banjo og gitarklimpring noko som høyres interessant ut, er det ikkje verre enn å sjå filmen. Eg kom berre i tvil etter kvart om kva aldersgruppe som har stemt via IMDb, 7.6 er veldig høgt.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Du må vere innlogga for å kommentere.