The Mighty Ducks (1992)
User Rating: 5.6/10 (6,211 votes)
Det må eg seie, til å vere Disney, familiefilm, sportfilm og med og helst for barn, så gjekk dette som smør på glatt is. Eg vil gjere eit forsøk på å sammenligne den med «Bad News Bears» fritt etter minne.
Trenaren, Gordon (Emilio Estevez) vs. Buttermaker (Billy Bob Thornton), i utgangspunktet mislikar dei ungar ganske sterkt. Buttermaker held vel lenge på denne haldinga i forhold til Gordon, som raskt blir unganes beste venn/trenar, i beste Disneystil.
Laget, ungane som ikkje gjer det beste på bana, verken på isen eller grasmatta. Det store spørsmålet er kvifor ungane spelar når dei er så dårlege, det er jo ikkje kjekt å tape heile tiden. The Ducks er ikkje dei verste eg har sett, og kjem fort inn i ein god rytme med litt lagånd og ein trenar som forstår dei. «Bad News Bears» er heilt på trynet, og burde aldri ha fått røre ei baseballkølle.
Motspelarane, her i form av Hawks (Ducks vs. Hawks, enkel metafor), i «B.N.B.» var det … vel, hugsa ikkje, det får vere det same. Eit av dei første laga me møter, og som klart vil bli motstandaren i skjebnekampen. Ein gjeng med bøller, viss trenar har ingen skruplar for kva som skal til for å vinne.
Outsideren, den store Fulton Reed og den tøffe Kelly Leak. Naturlege talent på kvart sitt område, blir henta inn utover i filmen. Fulton er urealistisk hard med hockeykølla, Kelly var vel flink i det meste på baseballbana.
Elles er det den feite guten, gutejenta, nerden, talentet og dei andre vanlege spelarane i forskjellige variantar som går igjen i desse to filmane. Ulik sport, men dei er likevel så like. «B.N.B.» skor seg på Thornton som alkoholikar og satsar kanskje på å trekke eldre publikum i tillegg. «The Mighty Ducks» er ein rein from-rags-to-riches film, i overført betydning, altså noko som from-losers-to-winners. Den lykkast betre til det den er meint å vere enn «B.N.B.», men eg kjem likevel med ei åtvaring: Dette er ingen storfilm, men ein grei sjangerfilm.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Enig i at filmen er grei. Nå er det bare for deg, Asbjørn å sette deg ned og nyte både 2eren og 3eren. De er minst like bra! Tilslutt vil jeg si at jeg er en stor fan av din filmdagbok, du har meget gode kommentarer og er flink til å fortelle relevante poeng om filmene du ser. Stå på videre!