TV samlepost #7
Jericho
Har skrive nokre få ord om denne serien på Filmantrop forumet. Les her. Reknar med å følge den vidare iallfall eit par veker framover for å observere utviklinga.
Lois & Clark: The New Adventures Of Superman
Denne serien har blitt ein akilleshæl i TV-timeplanen min etter kvart, ca halve tredje sesong var unnagjort i løpet av starten av august, men meir har det ikkje blitt. Eg har prøvd, men serien har blitt tam, kjedeleg, og teit. Enkelte av folka er blitt irriterande som dårlege skodespelarar, og eg har bestemt meg for å legge serien på is for godt.
