Thank You for Smoking (2005)
User Rating: 8.1/10 (7,750 votes)
Er dette verkeleg meint som ironisk underhalding, eller står faktisk tobakksindustrien bak? I filmen blir eit samarbeid mellom ‘big tobacco’ og Hollywood omtalt, på eit mykje tydlegare nivå sjølvsagt, men det kan jo og bli sett på som at filmen gjer narr av sjåaren, som blir proppa full med, ikkje akkurat direkte, men likevel, godsnakk om sigarettar.
Dette tek meg over på filmens djubde. Eg synst filmen gjer seg godt både som enkel humor og det at den har ein djupare, meir tankekrevande, humor. Det er flust med ironi, sarkasme i denne tobakksrelaterte satiren. Nok av organisasjonar får smake av kritikken her, på eit underholdande grunnlag. Dette er med på å løfte filmen over mykje av Hollywoods PR-kåte komediemateriale, og gjer at eg trur filmen vil klare seg betre hjå dei som set pris på ein meir intelligent sak.
No skal eg ikkje skryte filmen opp i skyene, for det finst mange element som er tatt med for å gjere denne filmen publikumsvennleg, og eg set pris på det. Ta Adam Brody, stjerne frå The O.C.. Visst passar han inn i filmen i og med at sarkasme er hans beste innspel i den nemnte serien, men gjer han så mykje meir her enn å appellere til nettopp den typiske ungdommen som ser The O.C.? Eg kan godt skyte inn at eg sjølv har sett alt som er av The O.C., og har ingenting i mot at han dukkar opp her, for morosam er han.
Andre kan godt finne grunnar til å ikkje sjå denne filmen, men til sjuande og sist er det underholdingsverdien som tel for min del, og eg hadde stor glede av å følge enkle ting som sceneskifte som danna ei tredje meining, lese ironien i episodane som oppstår, og notere meg alle dei triksa og den informasjonen (som ikkje nødvendigvis er sann, men likevel artig) som blei gitt.
Har eg skifta syn på tobakk? Nei, filmen er både balansert nok, og det skal meir til enn dette for å endre synet mitt på eit så omfattande område.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
