D2: The Mighty Ducks (1994)
User Rating: 4.7/10 (4,338 votes)
Mighty Ducks har blitt eit varemerke, og det går utover spelarane. Når dei skal konkurrere på internasjonalt nivå under banneret til U.S.A. er det blitt pengar med i bilde, og spesielt Coach Gordon Bombay ser ut til å tene godt på dette. Den eksakte summen er uviss, men visstnok stor.
D2 er ikkje anna enn ein middels film i forhold til den første, som i det minste hadde ein begynnelse. Her blir det bygd vidare der The Mighty Ducks slutta, og filmen føles stort sett ut som ein eviglang midtdel. Det vitnar om at det kunne blitt laga nok av Mighty Ducks filmar om Disney hadde bestemt seg for det, men heldigvis blei det med 3, som kanskje er 2 for mykje uansett. Det gjenstår å sjå kva den tredje filmen vil bringe.
Ettersom eg har blitt litt strengare på kven som får ‘Bra’ og ‘Grei film’ så hamnar D2 under The Mighty Ducks på skalaen.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Mighty Ducks 2 fortjener da bedre enn å få stempelet dårlig nok!
Du får sette deg ned, webmaster og se den siste filmen i trilogien, så får du gi en totalvurdering til slutt.