Filmdagbok
ness
23-sept-2006

Driving Lessons (2006)

Driving LessonsUser Rating: 7.9/10 (205 votes)

Det tok litt tid før eg endeleg skjønna poenget bak tittelen til filmen, at det har meir å sei enn berre å vise til dei få køyretimane filmens hovudrolle, Ben Marshall (Rupert Grint), har. Filmen kviler hovudsakleg på hans og Evie Waltons (Julie Walters) skuldrer. Dei er den kjekke kombinasjonen av ein stykk ungdom og ei gammal pensjonert skodespelarinne. For å avfeie det først som sist, dette er ingen nyversjon av «Harold and Maude», sjølv om stilen og nokre av karakterane kan virke like. Spesielt bilen til Evie trakk merksemda mi ganske tidleg.

Så, kva handlar filmen og? Ben er veldig sky, har ei overbeskyttande mor og høyrer til ein veldig kristen heim. Han får seg sommarjobb hjå Evie som hushjelp/assistent/venn, og blir pressa til å gjere ting som mora hans absolutt ikkje ville latt han gjere, som for eksempel å reise på ei-natts telttur.

Dette er lun britisk humor, ein film av typen feel-good, og har ei god blanding av engelsk natur og musikk, samt innspel av skotsk kultur. Den er til tider veldig flau, klarar å frustrere og er fin å berre sette seg tilbake i sofaen og følge med på.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
Lillemy har sagt:

Jeg bare lurer på hvor du har sett den!? Har verken sett eller hørt om den her i Norge! Men jeg håper virkelig at den gjør det, den virker som en knall bra film!:D

ness har sagt:

Filmen blir lansert på sone 2 DVD den 26. desember, verdt å sjekke ut.

TMwtP har sagt:

Jeremy Brock er jo en interessant type som har skrevet manus både til Mrs Brown, Charlotte Gray og The Last King of Scotland. Dette er hans regidebut.

ness har sagt:

Ser fram til å få sett The Last King of Scotland altså, har høyrt gode ord om den. Dei andre filmane er ukjente for meg.

Visste derimot ikkje om denne koplinga, interessant =)

Anette har sagt:

Kommer Driving Lessons til Norge? Isåfall.. hvilken dato? Ser noen la ut en dato her.. men var det datoen på når den kommer ut i Norge eller? Vær så snill og svar =)

ness har sagt:

Kan diverre ikkje svare på dette spørsmålet, men det kan hende Norge dukka opp på release-lista på denne sida etter kvart http://www.imdb.com/title/tt0446687/releaseinfo

Datoen som eg la ut tidlegare var ein DVD release for sone 2 frå Play.com. Får håpe den kjem på kino her, for det fortenar den.