Filmdagbok
ness
24-sept-2006

TV samlepost #8

Hollywood, Le Regne des Series

Ev. «Hollywood, the Reign of Series» eller «Hollywood - verdens seriemeister» som NRK1 kalla dokumentaren når dei sendte den i «Fakta på lørdag» i går kveld. Dette er ein dokumentar som forsiktig skrapar overflata i TV-miljøet i USA, og spesielt i Los Angeles. Kortfatta informasjon om korleis seriar oppstår, litt om nettverka og dei største seriane, oppbygging av episodar og meir. Til å vere 45 minutt fekk dokumentaren med ein del interessante poeng, statistikkar og TV-seriar. Intervju med McNamara og ein heller rask analyse av «E.R.» («Akutten») sin oppbygging er noko av det som kom med her.

Studio 60 on Sunset Strip

I tråd med gårsdagens dokumentar om TV-seriar i Hollywood fekk eg sett pilotepisoden av denne serien, som også handlar om TV-verden i Los Angeles, og då nærmare bestemt i form av eit TV-show med same namn som serien. Om den har potensiale for suksess er vanskeleg å forutsjå. Grunnlaget er interessant; å følge eit populært TV-show bak kulissene i dens drama og politikk. Pilotepisoden er ikkje mindre original at den går ut på å samle folket som vidare skal forsøke å få «Studio 60» opp igjen på eit nivå den ikkje har vore på lenge, og å introdusere eit par av problema den står ovanfor. Eg var lenge i tvil om eg hadde lyst å sjå meir av serien, men dei 5 siste minuttane med sine ‘eventyret begynnar’ filosofi klarte å engasjere litt. Og serien har absolutt skodespelarane på si side: Matthew Perry, Bradley Whitford og Amanda Peet er frå før av store namn. På ei anna side har eg kjensla av at det ikkje vil vere dokumentarisk effekt nok frå livet bak kamera til å halde meg interessert i lengden, for det var det som tok mest av merksemda mi i denne episoden. Så eg gir meg etter pilotepisoden, og skyggar difor unna serien som nemnt tidlegare. Sjå fram til fleire pilotoppsummeringar framover med betre sammenheng enn denne om «Studio 60».

 
TMwtP har sagt:

Takker for tipset jeg fikk om Hollywood-dokuen. Syns den var grei, interessant perspektiv det man sa om at TV-seriene nå til dags er de som forteller de gode historiene. I filmene er det ikke lenger plass til dette. Hvis Sopranos - the Movie skulle blitt lagd måtte den ha inneholdt minst én biljakt og en lang shoot-out. Og det er et poeng og en tankevekker.

ness har sagt:

Det var snakk om ein Sopranos The Movie ein periode, sjølv har eg aldri skjønnt poenget med å lage ein film basert på denne serien. Det er alltids fint med ein ekstra episode eller to, men filmen ville ikkje klart å skape samme stemninga på den tida den ville vart, som i den sjangeren ofte er på 2.5t (?). For dei måtte ha skunda seg å etablere alle karakterane som gjer serien til den det er, og med den dybden er jo Sopranos borte. Det er kjennskapen til folka som gjer humoren god. Det er iallfall mi meining.