High School Musical (2006)
User Rating: 6.8/10 (5,557 votes)
Eg er litt flau når eg seier at eg hadde det fint ved å sjå denne filmen, for som Tor Andre påpeikar i bloggen sin så er dette ein «glatt, kommersiell film produsert for Disney Channel» og eg er nok langt frå målgruppa til den kanalen. Vanlegvis har eg vanskeleg å zappe forbi denne kanalen, rett og slett fordi dei fleste real-persons produksjonane der er så dårlege at eg berre må sitte å le ei stund.
Det er mykje dårleg med filmen, som er sterkt prega av svak playback og dårlege skodespelarar. Songstemmene høyres ut som dei er køyrt gjennom eit dataprogram nok gonger, og det heile er basert på ei banal historie som kunne bli avdekka i løpet av dei 10 første minuttane. Likevel er dette ein så glad og ungdommeleg film, som ikkje prøver å laste over nokon større problem på sjåaren. Det er ein god film til å skeie litt ut med, den gjer mykje bruk av klisjear og krev stort sett ingenting av sjåaren.
Om eg skulle velge mellom å følge denne musikalsjangeren framfor den som Chicago tek, så er valet ganske enkelt. Eg kan ikkje fordra «Chicago», og foretrekk heller eit kunstig miljø i form av high school som i denne filmen.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
