House sesong 2
24 episodar.
På spørsmålet om eg har ein favoritt TV-serie svarar eg alltid at det kjem an på sjanger. Å utelukke Smallville til fordel for The Sopranos kan virke som eit enkelt val for visse, men blir vanskeleg for meg, ettersom eg trufast har fulgt begge seriane sidan starten av tiåret ein gong. Den barnslege fasinasjonen min for alt drama som rullar over skjermen har etter kvart dabba litt av, og det skal meir til for at ein serie når toppen i sin sjanger. Men House klarar med denne sesongen å bevise at mine godord om første sesong ikkje var i kampens hete.
Når NRK1 annonserte at dei skulle starte å sende House vart eg litt overraska. House er ein FOX produsert serie, og andre FOX produksjonar med suksess som Prison Break og The O.C. har for å sammenlikne blitt kjøpt opp av TV3. Hadde det vore ein HBO serie hadde eg sett på det som sikker gambling. Eg vart overraska fordi House er eit veldig bra val av ein populær amerikansk serie, noko eg ikkje koplar med NRK1 og senderommet 21:45 - 22:30. Men eg er glad på vegne av alle dei nye som vil få sjansen til å sjå serien. Den kan vere litt tung å komme seg inn i, men tek seg veldig godt opp etter kvart.
Fordelen med å starte på 2. sesong er at ein ikkje går glipp av vesentleg humor dei første episodane, sett at ein allereie har sett 1. sesong. Men ei ulempe kan vere at den ikkje er så god som 1. sesong. Eit slikt skilje er ikkje nødvendig å opprette her, dette fortset i dei veletablerte spora som blei lagde av dei 22 første episodane. Ein anelse meir personleg drama er lagt til, men det går aldri utover sakene, iallfall ikkje på ein negativ måte. Sesongen er noko av det beste eg har sett i det siste, i tillegg til Twin Peaks (s01) som eg såg i løpet av ein dag, og eg fann meg sjølv i å sette på episode etter episode, ei glede eg ikkje har opplevd på ei stund.
Eg vil ikkje gjere anna enn å anbefale alle å gi serien ein sjanse, sjå nokre episodar på TV før du ev. skulle finne noko stygt å sei om den.
