Er dette verkeleg meint som ironisk underhalding, eller stÃ¥r faktisk tobakksindustrien bak? I filmen blir eit samarbeid mellom ‘big tobacco’ og Hollywood omtalt, pÃ¥ eit mykje tydelegare nivÃ¥ sjølvsagt, men det kan jo og bli sett pÃ¥ som at filmen gjer narr av sjÃ¥aren, som blir proppa full med, ikkje akkurat direkte, men likevel, godsnakk om sigarettar.
Dette tek meg over på filmens djubde. Eg synst filmen gjer seg godt både som enkel humor og det at den har ein djupare, meir tankekrevande, humor. Det er flust med ironi, sarkasme i denne tobakksrelaterte satiren. Nok av organisasjonar får smake av kritikken her, på eit underholdande grunnlag. Dette er med på å løfte filmen over mykje av Hollywoods PR-kåte komediemateriale, og gjer at eg trur filmen vil klare seg betre hjå dei som set pris på ein meir intelligent sak.
No skal eg ikkje skryte filmen opp i skyene, for det finst mange element som er tatt med for å gjere denne filmen publikumsvennleg, og eg set pris på det. Ta Adam Brody, stjerne frå The O.C.. Visst passar han inn i filmen i og med at sarkasme er hans beste innspel i den nemnte serien, men gjer han så mykje meir her enn å appellere til nettopp den typiske ungdommen som ser The O.C.? Eg kan godt skyte inn at eg sjølv har sett alt som er av The O.C., og har ingenting i mot at han dukkar opp her, for morosam er han.
Andre kan godt finne grunnar til å ikkje sjå denne filmen, men til sjuande og sist er det underholdingsverdien som tel for min del, og eg hadde stor glede av å følge enkle ting som sceneskifte som danna ei tredje meining, lese ironien i episodane som oppstår, og notere meg alle dei triksa og den informasjonen (som ikkje nødvendigvis er sann, men likevel artig) som blei gitt.
Har eg skifta syn på tobakk? Nei, filmen er både balansert nok, og det skal meir til enn dette for å endre synet mitt på eit så omfattande område.

Tiden flyr, noko som merkast dei gongene eg ser opp igjen ein av filmane i «Ringenes Herre» trilogien. Det er snart 3 år sidan den siste filmen kom på kino, og det er tredje gong eg ser filmen. I forbindelse med den oppteljinga oppdaga er også at det manglar eit innlegg i filmdagboka som skulle vore her i desember 2004, den gongen Extended Edition av «The Return of the King» kom ut på DVD, lite å gjere med det no.
Det er ei skummel tid eg står ovafor, for det er sesongstart i USA. Ei romsleg neve nye seriar som virkar interessante på eit eller fleire område er å få tak i allereie. Nokon har allereie tjuvstarta, men det er frå og med denne veka at det meste vil dukke opp. Litt generelt om alt følger.
20 episodar.
Mitt første møte med indisk film var denne historiske gjenfortellinga av opprøret i India på slutten av 1800-talet, leda av helten Mangal Pandey. Det er ein rimeleg kort film i forhold til det eg hadde forventa meg av ein indisk film, og ikkje fullt så mykje dansing og musikk. Ikkje det at det ikkje var dansing og musikk, for det var fleire innslag av det her og. Men eg hadde kanskje forventa meg litt meir av det.
Det må eg seie, til å vere Disney, familiefilm, sportfilm og med og helst for barn, så gjekk dette som smør på glatt is. Eg vil gjere eit forsøk på å samanlikne den med «Bad News Bears» fritt etter minne.
Siste til Altman er ein film omkring ei sending av det kjente amerikanske radioprogrammet med same namn som filmen, som har gått frå ulike scener i over 30 år. Er litt usikker på historien på eit vis, for filmen var ikkje så interessant at eg tok meg bryet å sjekke opp særleg omkring den. Musikken er det som utgjer filmen, saman med stemma til Garrison Keillor, som er ein av dei betre radiostemmene eg har høyrt, trass at programmet ikkje var så interessant.
Basert pÃ¥ ein manga blir «Azumi» omtala som ein live-action film, som i motsetning til anime/animasjon er eit resultat av kjøt og blod. Om ein ser filmen utan Ã¥ ha lese, eller i heile teke høyrt om, mangaen, kan dette likevel bli gjenkjent i dei ulike karakterane som dukkar opp i løpet av filmen. Sjølv har eg lese blant anna «Naruto» og «Ranma ½Â», og kjenner igjen bÃ¥de den fargerike (likevel om manga som regel er i svart/kvitt) klesstilen, dei vidt forskjellige hÃ¥rfrisyrane som skal gjere personane unike, den ekstra bruken av sminke i enkelte tilfelle, osv. Rollefiguren Bijomaru er eit eksempel pÃ¥ ein type person som gÃ¥r igjen; kvite klede, kvit sminke og ei raud rose i handa under slosskampane, sprø som berre juling og eit ekte drapstalent.
I motsetning til kameraføringa og klyppinga til denne filmen vil ikkje dette innlegget bli fancy. Eg har lite til overs for filmar som Stick It i; oppbygging, skodespel, manuskript og totalinntrykk. Men forutan den glorifiserte framstillinga av ei post-idretts, überpunka jente sitt nye, ufrivillige, forsøk pÃ¥ turnarenaen, sÃ¥ er det iallfall tre ting eg kan like her: tidlegare «Life As We Know It» medlem Missy Peregrym, scena med Electric Six’ Dance Commander i bakgrunnen og ei scene der Peregrym mÃ¥ ty til tÃ¥rene. Eg er ingen gaulehans (kjønnsvridd tolking av Tamaras gauleguri), men sistnemnte var ei vakker scene.