Filmdagbok
ness
16-sept-2006

TV samlepost #6

American Dad

For dei som ikkje kjenner til American Dad, så er det ein serie som har fleire likheitstrekk med både Family Guy og The Simpsons. Hovudsakleg i at det handlar om ein amerikansk familie, er i animert form og elskar å gjere narr av amerikansk skikk og politikk. På mange måtar går American Dad hakket lengre enn dei to andre nemnte seriane. I form av familiefaren Stan Smith, CIA-agent og 2-barnsfar, blir sjølvsentrerte amerikanarar parodiert på ein overdreven (?) måte. Utruleg skeptisk mot alt av utanlandsk opprinnelse, dårleg kunnskapar om verda utanfor USA, målet om å vere verdens beste far - som likevel tenker meir på seg sjølv enn godt er, det er Stan Smith i eit nøtteskal. For ikkje mange dagane sidan såg eg sesongpremieren til den tredje runden av denne serien, som i og for seg er morsom på eit par område, men som ikkje heilt klarar å gi meg lysta til å sjå meir. Eg prøvde tidlegare meg på den første sesongen, men også den gong utan hell. Er American Dad for mykje av det gode?

Curb Your Enthusiasm

Larry David har alt; pengar, karriere og familie. Men han føler han manglar ei identitet. Slik oppsummerte NRK serien sist eg sjekka. Om dette er ei god eller dårleg beskrivelse kan eg ikkje skrive under på, for eg har berre sett ein episode så langt. I overtrøytt tilstand var den episoden god, og eg kunne kjenne igjen litt av stilen frå Seinfeld. Ikkje i oppbygging eller framstilling, men i typen humor. Eg ser fram til å få sett meir av denne serien ved eit seinare tidspunkt, helst frå starten av.

 
ness
16-sept-2006

The Doom Generation (1995)

The Doom GenerationUser Rating: 4.9/10 (3,547 votes)

Eit sammensurium av sprø sex, vill sex, sjuke drap, dødninghovuder, 666 og endå meir blod. The Doom Generation er ein film om heteroseksualitet, noko som blir påpeikt av Gregg Araki i opningsteksten, visstnok den første for fyren. Det er og ein film om å gi faen, la ting gå sin gang og ménage à trois (akkurat som i Seinfeld folkens!).

Filmen er i overkant drøy for dei fleste med andre ord, og eg er ingen unntak. I ettertid ser eg at eg kunne klart meg forutan denne til tider bestialske valdsfilmen eller uhygglege sexdramaet. Men det var ikkje berre grusomt heller, filmen skapar ei sterk stemning og har innslag av beksvart humor som trekk heile opplevinga opp på ein middels nivå. Også Rose McGowan då, må ikkje gløyme ho.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
16-sept-2006

Art School Confidential (2006)

Art School ConfidentialUser Rating: 6.6/10 (1,140 votes)

Wow. Dette var så mykje meir enn eg hadde håpt og trudd på. Zwigoff og Clowes har nok eingong gjort eit fortreffande samarbeid som ikkje kan beskrivast med ord. Her er det snakk om bilder, baby!

Viss du har vore borti nokon av teikneseriane, eller grafiske romanar for å sei det på fint, av Daniel Clowes, så vil stilen i denne filmen vere godt gjenkjenneleg. Zwigoff har klart å overføre teikningane og karakterane som Clowes har gjort til sitt gjennom Ghost World, David Boring og Ice Haven, for å ta det eg har lese. Rett nok er denne filmen basert på ei heilt anna historie, tidlegare publisert i Eightball, for dei som er kjent med det bladet.

For å ta utgangspunkt i Ghost World, så har Art School Confidential på same måte klart å få fram eit hav av detaljar, meir eller mindre skjulte i tillegg til godt tydelege referansar til populærkulturelle eller klassiske verk. I dei ulike filmtrailerane og teaserane til filmen var det proppa inn med godsaker, men dette har på ingen måte tatt det beste frå filmen, heller gitt ein ørliten smakebit av kva som ventar, akkurat som det er meint å gjere.

Det er ikkje til å forvekslast med ein homeage til Clowes eller Zwigoff inspirasjonskjelder, dette er på langt nær ei opplisting av ting ein må få med seg. Vel, noko er, men poenget er at det heller er ein av dei detaljane som gjer filmen så komplett som den er.

I tillegg til den kriminelle biten som er det vesle senteret av filmen, er det her tatt i bruk enkle grep som forelskelse, sjalusi, streving etter annerkjennelse, drama og komedie om kvarandre. Eg er i tvil om kor vidt andre vil finne denne filmen så hysterisk morosam til tider, og nærast tåredryppande til andre, som meg. Men eg gjorde alt i frå å knytte nevane i sinne til å svelge tungt eller riste av latter. Jepp, faktisk!

Eit par småting som gjorde filmen for meg var Steve Buscemis vesle rolle som kafeeigar, den strukturelt realistiske framstillinga av korleis eit universitetet (må ikkje forvekslast med universet) fungerar og den grunne ærlegheiten bak alt det karikaterte og oppblåste. På ein positiv måte sjølvsagt, eg har ingenting vondt å sei om denne filmen. Dette bør bli sett på som ein veldig subjektiv tekst med tanke på interessa mi for Clowes’ arbeid.

Det er ingen problem for meg å velge ut rangeringsplassering denne gongen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
15-sept-2006

Running Time (1997)

Running TimeUser Rating: 7.0/10 (423 votes)

I følge ulike kjelder, som Moviefone og IMDb, skal visst «Running Time» i likheit med Alfred Hitchcock sin 1948-film «Rope» ha vore filma i ein lang sekvens. Andre stader, meir bestemt trivia-delen av IMDb, står det oppgitt 10 dagar. Poenget er nok at filmen skal virke som den er filma i ei lang tagning. Forutan denne illusjonen kunne «Running Time» ha vore ein vanleg lågbudsjetts svart/kvitt film med eit under gjennomsnittleg godt soundtrack.

Sett forbi desse detaljane, og ei ikkje altfor sterk eller original historie, har Josh Becker klart å sette sammen ein over gjennomsnittleg god film. Den er med sine 69 minutt akkurat passe kort, og meir ein indie-flick enn den typiske B-filmen Bruce Campbell pleier å dukke opp i. Apropos samarbeidet med Campbell, Josh Becker står også bak «Alien Apocalypse», ein film som eg godt kunne tenkte meg å sjå - berre ikkje dubba på tysk.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
15-sept-2006

Seinfeld sesong 6

Seinfeld season 624 episodar.

Tør eg sei at Seinfeld blir berre betre og betre? Den sjette sesongen klarar fint å blande nye vitsar med korte med effektive referansar til tidlegare episodar. Kramer ser ut til å spele ei større rolle, og det same med Elaine. Kan dette stemme eller er det berre noko eg innbillar meg?

For ein som ikkje fekk med seg at George var/er eit alter ego for manusforfattar og produsent Larry David, har det gått opp eit lys om at denne serien har eit mykje større potensiale enn å berre bli sett på som vanleg sit-com, om ein kobimnerar det med ekstra lesestoff og kanskje ein serie som «Curb Your Enthusiasm», viss underteikna har til gode å sjå meir enn ein enkel episode av.

Etter å ha sett i underkant av 110 episodar av denne serien ser eg fortsatt fram til å sjå meir. Sett opp mot That ’70s Show som hoppa til haiane etter den femte sesongen sin, så augna eg håp her. Rykter skal ha det til at dei har gått litt for langt i sesongfinalen til sesong sju av Seinfeld, men det gjenstår å sjå, eg er ikkje den hardaste kritikaren når det kjem til TV-seriar. Eg er derimot meir spent på om eg vil merke ein kvalitetsforskjell i henholdsvis den 8. og 9. sesongen, men det er endå langt fram i tid til dei kjem på DVD.

 
ness
12-sept-2006

Maniac Cop (1988)

Maniac CopUser Rating: 5.4/10 (1,022 votes)

Året er 1988, byen er New York, og ein sprø politimann er i drapshumør. Bruce Campbell er tilbake på TV-skjermen min, igjen, og har denne gongen med seg politistyrken i hælane ettersom han er mistenkt for å vere «maniac cop», me veit sjølvsagt betre og følger han og dama han var utro med kona med, på jakten etter bevis for å kunne overbevise politiet om sannheiten.

Maniac Cop er ingen storfilm, men har fått heile 2 oppfølgarar, som visstnok ikkje skal vere så mykje betre enn denne (i følge IMDb ratingen). Det som er greia med denne filmen er mørke scener med overgrep som ikkje kan stoppast. Ei håplaus jakt på ein gigantisk mann som teknisk sett var død, og som endå mindre burde klare å gøyme seg så godt som han gjer.

Likevel om ratingen på IMDb ikkje lovar stort mykje, så kan plotline for film nr. 2 virke litt fristande for enkelte: “The Maniac Cop isn’t dead yet and he’s teamed up with a serial killer - now New Yorkers are twice as screwed!”

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
11-sept-2006

The Woods (2006)

The WoodsUser Rating: 6.2/10 (191 votes)

Dette er noko av det mest latterlege eg har sett på ei stund, og for første gong på ei god stund la eg faktisk merke til måten filmen blei klyppa på; snåle, korte scener som brått blei tona ut. Det er uklart for meg kva poenget med filmen var, men det involverte hekser, ein mystisk skog, ein pikeskole og nok av ignorante mennesker.

Spørsmålet ein kanskje stiller seg er då kva grunnen til å sjå denne filmen var. Vel, den har ikkje fått så aller verst rating på IMDb, likevel om 200 stemmer er lite å basere seg på. Og den har med Bruce Campbell i ei mindre rolle. I første omgang dukkar han opp i starten av filmen, der han ikkje seier eller gjer noko ut av seg. Eg blei litt skuffa over dette, men han kjem sterkt tilbake utover mot slutten, og eg storkoste meg i minst 30 sekund, eller to gonger 15 sekund! Om det veg opp for filmen vil eg ikkje påstå, men at det var artig må eg innrømme.

Filmen er ikkje akkurat makkverk, men det er klare spor av råtne tre her. Det er ikkje totalt bortkasta tid, deler av filmen var småmorsom, men det er ikkje eit gram av skumle scener her, noko som er skuffande. Ingen anbefaling frå denne kant denne gong.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
10-sept-2006

Koroshi no rakuin (1967)

Koroshi no rakuinUser Rating: 7.4/10 (1,019 votes)

Engelsk tittel: «Branded to Kill». Ein veldig rar japansk film som ikkje gav så mykje meining anna enn at det handla om Japans tredje beste hitman innan organisert kriminalitet som drep ein haug med folk. Filmen er noko av det meir spesielle eg har sett innan fortellarteknikk og klypping i det siste, her var alt unødvendig, og kanskje meir, tatt vekk til fordel for uforståelege scener med uforståelege samtalar.

Filmen var likevel ikkje dårleg på nokon måte, det heile var akkurat passe sprøtt til at det var interessant. Hanada Goro (Jo Shishido), hovudpersonen her ser ut som ein japansk versjon av ein Hoffmann/Pacino miks, og har ein ting for lukta av kokande ris. Elles også ein vanskeleg person å forstå.

Nei, dette vart berre rot. Gå til Air Massive og les om filmen der.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
09-sept-2006

Curious George (2006)

Curious GeorgeUser Rating: 6.8/10 (1,255 votes)

Eg har ikkje vist så stor begeistring omkring animerte barnefilmar den siste tiden, spesielt dei med dyr i. Oppskrifta til «Curious George», eller «Nysgjerrige Nils» som apekatten i filmen heiter på norsk, er også basert på eit dyrs liv. Den har visse likheiter med «Jungeldyret», og følger ein liten afrikansk krabat til storbyen.

«Nysgjerrige Nils» er basert på ei lita teikna barnebok, kanskje meir kjent i USA enn i Noreg, eller berre gammal nok til at ikkje har fått med meg noko oppstyr rundt ho. Eg har derimot lese ein versjon for lenge sidan, og hadde difor nokre små forventingar til denne filmen.

Ved første augekast kan dette sjå ut som god gammaldags todimensjonal teiknefilm, men det er tredimensjonalt rendra med ein teikneserieprega stil. Dette kjenner me igjen frå fleire andre filmar, og er blitt ganske vanleg i slike forbindelsar. Det fungerar utmerka, og teikninga har fått beholdt formen frå bokheftet. Til glede for bl.a. meg.

Eg likte «Curious George», og storkoste meg som om eg var blitt eit lite barn igjen! Eg kjente igjen mange av figurane og situasjonane, og blei overraska av nye. Det som skulle vere morosamt fekk meg til å le, og det som skulle vere trist fjerna smilet mitt. Likevel om ein ikkje skulle vere kjent med George, eller Nils, så trur eg dei fleste vil ha gleden av å sjå denne filmen, spesielt dei yngre.

Ting som at David Cross hadde stemma til Junior Bloomsberry, og at denne karakteren faktisk likna på Cross var berre ein fin bonus i tillegg til Will Ferrell som gjer stemma til Ted. Ferrell og Ted blir for min del to svært ulike personar, men det fungerte utmerka likevel. Den norske dubba versjonen, viss filmen då kjem til Noreg, har eg ingen kjennskap til, og veit ikkje kven som vil få stemmene i. La oss berre håpe det ikkje blir Harald Mæhle åleine på den lista.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
09-sept-2006

Bubba Ho-tep (2002)

Bubba Ho-tepUser Rating: 7.5/10 (10,729 votes)

Basert på ein genial idé, og like så gjennomført på ein veldig god måte, så er ikkje dette berre morosamt, men innimellom tankevekkande eller vemodig og. Med stemma til Sebastian Haff/Elvis Presley (Bruce Campbell) som voice-over blir det stillt mange spørsmål som den gjennomsnittlege pleieheimpasienten vil stille seg minst ein gong.

Handlinga utspelar seg på og rundt ein pleieheim i sørstatane ein plass, der to eldre menn; Elvis Presley og John F. Kennedy er innlagt, iallfall trur dei at dei er desse personane. Når ein mumie begynnar å ta sjelene til dei gamle og svake tek dei på seg oppgåva å bli kvitt denne mumien.

Men filmen er først og fremst artig og original framfor tankevekkande, og det er massevis av detaljar som er med på å fullføre filmen; som Jacks (John F. Kennedy mannen) bok «The Everyday Man, Woman’s Book of the Soul», Ho-Teps inskripsjonar på fellestoalettet og den sprø Kemosabe, for å nemne få.

Det er også unngått å gjere mumien om til ein fullstendig idiot, som eg har inntrykk av at det ofte blir gjort. Han er ikkje direkte smart her heller, men han blir ikkje gjort komisk heller. Morsomheitene i filmen ligg først og fremst på eit meir intellektuelt nivå, viss eg kan sei det på den måten, framfor akrobatiske stunt. No skal det seiast at det ikkje heilt er mangel på det heller, med Mr. Presley i gåstol og President Kennedy i elektrisk rullestol.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10