Filmdagbok
ness
31-okt-2006

World Trade Center (2006)

User Rating: 6.7/10 (7,908 votes)

Det blir ingen langt innlegg om denne filmen. Folk veit kva film det er og kva den handlar om. Sjølv hadde eg låge forventingar til filmen, og det prega nok måten eg såg den på. Den kom for meg aldri over middels på skalaen, og drog litt ut i lengde. På ei anna side var den ikkje kjedeleg heller.

Eg klarte ikkje vere objektiv i forhold til «United 93», som var ein gledeleg overraskelse når eg såg den. «World Trade Center» derimot fekk aldri fram nokon følelsar i meg. Eg blei berre sittande å ta innover meg alt sammen utan å føle meg engasjert eller ubekvem.

Kva Oliver Stone prøver på i filmen er eg usikker på, han klarar iallfall ikkje å gjere det til eit stordrama. Om han berre skal gi ei vanleg skildring av noko som har skjedd, så klarar han det greitt nok.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
30-okt-2006

Akeelah and the Bee (2006)

Akeelah and the BeeUser Rating: 7.8/10 (2,393 votes)

I U.S.A. er stavekonkurransar populære greier. Kvart år sender kvar stat 3 heldige, og veldig talentfulle, unge til den nasjonale stavekonkurransen (National Spelling Bee) i Washington D.C. Desse har kvalifisert seg vidare gjennom 4 rundar før dei står på scena i Washington framfor millionar av sjåarar på den landsdekkande sportskanalen ESPN.

Tidlegare i år såg eg 2005-filmen «Bee Season», som også omhandlar denne konkurransen. Den største forskjellen mellom desse filmane ligg ønske om å stave. I «Bee Season» vart unge Eliza nærast pressa av ein favoriserande far til å lære å stave skikkeleg, samt at det var andre faktorar som gjorde filmen til ei djupare oppleving enn «Akeelah and the Bee» er.

Akeelah (Keke Palmer) likar å lære seg ord, finne ut betydninga av dei, og å stave. Mora er ikkje så glad for dette, men når talentet til Akeelah blir oppdaga på skulen, får ho så lyst til å vere med på Spelling Bee at ho forfalskar sin avdøde fars signatur for så å sniktrene med Dr. Larabee (Laurence Fishburne), den personlege stavetrenaren til Akeelah, utnemnt av rektoren på skulen der ho går.

Filmen som er laga med delvis støtte frå Starbucks Coffee er ein heilt vanleg film. Den er ikkje på nokon punkt overraskande i retninga den tek. Miljøet og personane kunne vore tatt frå ein kva som helst slags konkurransefilm, og alderen spelar ingen rolle. I tillegg til konkurransen kjem det å kunne få ny venner, tru på seg sjølv og ta i mot hjelp frå andre. Filmen hamnar godt blant det eg iallfall forbind med typisk amerikansk konkurransedrama. Og til å vere ein slik film fungerar den godt nok. Deler blir litt for overveldande og oppspelte til å ta inn over seg, men filmen får godt fram det den prøver på.

Etter ein litt uventa slutt, som kanskje dei som kan reglane til punkt og prikke likevel ville ha gjetta seg til etter kvart, sit eg igjen med ei god kjensle. Det er ingenting ekstraordinært med filmen som klarar seg godt som eit drama med unge foran kamera. Fleire småting kan ein likevel sette peikefingeren på, men eg er ikkje her for å rakke ned på detaljar i dag, det er heilheiten som tel her.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
30-okt-2006

Dawson’s Creek sesong 4

Dawsons Creek ses423 episodar.

«Dawson’s Creek» er ei suppe av teite ungdommar som av og til balanserar på grensa til å irritere livet av meg eller servere meg skikkeleg flaue situasjonar, som er meir vaksne og ansvarsfulle enn foreldra sine, dummare og gjer større feil enn ein unge i barnehagen, som kan innsjå det vanskelegaste, men også fortrenge det enkle. Eg likar denne serien!

Spørsmålet blir då naturleg nok kvifor. Kvifor likar Asbjørn denne serien? Kvifor snakkar Asbjørn om seg sjølv i tredjeperson? Svaret på det siste ligg i «Dawson’s Creek», for det er slik dei kunne finne på å stille spørsmål om seg sjølv på. Svaret på kvifor eg likar denne serien ligg djupare. Skal eg prøve å sei det enkelt blir det noko som: “«Dawson’s Creek» tek opp store spørsmål på ein god og tydeleg måte som ikkje prøver å skjule noko og som, viss ein aksepterar denne ofte unaturlege enkelheiten, er veldig effektiv”.

Eg kan sei mykje om den religøse delen av serien, innplotting av moral, dårleg skodespel (spesielt Katie Holmes er det innimellom vondt å sjå på), osv. Men det blir med dette, du anar nok at det alt går mot det negative. Når eg har komme så langt som til sesong 4 er ikkje lengre dårleg skodespel det eg bryr meg mest med, folka har fått eit grunnlag for lengst, og er som dei alltid har vore i serien, middels.

For ikkje å henge meg opp i slikt som eg kan sei om stort sett alle sesongane, så går eg eit hakk vidare. Handlinga i sesong 4, var det noko nytt å hente? Ikkje med det første. Det tok si tid før dramaet her faktisk slo an, men når det først gjorde det gjekk resten av sesongen unna som olja lyn. Og alt i alt er det ein god sesong, og så sant ein slik kvalitet blir opprettholdt ser eg ingen problem i å skulle fortsette. College nærmar seg jo, og forandring er alltid spennande i ein slik samanheng. Kan ein typisk ungdomsserie klare den overgangen er alltid eit vanskeleg spørsmål. Smallville har klart det, og så langt har Veronica Mars klart det. Det gjenstår å sjå om «Dawson’s Creek» klarar det.

No har eg vore ganske hard på «Dawson’s Creek» i dette innlegget. Det har nok mykje å gjere med at det er veldig enkelt å finne negative ting, likevel om ein kanskje ikkje bryr seg så mykje om det sjølv. Såleis trekk eg faktisk tilbake mykje av det som står innleiingsvis, og om dårleg skodespel og slikt. For det bryr meg slettes ikkje. Denne fjerde sesongen er kanskje den beste hittil i serien, og har gitt så gode intrigar og drama at eg rett og slett på eit visst punkt ikkje klarte å stoppe å sjå på, men måtte fullføre løpet. Eg ser med stor glede fram til å ta fatt på neste sesong, og anbefalar serien vidare til dei som føler seg i målgruppa.

 
ness
29-okt-2006

Run Ronnie Run (2002)

Run Ronnie RunUser Rating: 6.2/10 (1,509 votes)

Filmen klarte ikkje å leve opp til forventingane eg bygde rundt David Cross i hovudrolla. Det heile er typisk middels med enkelte småting som utmerkar seg som veldig morosamt. Deriblant eit songnummer med Jack Black, slikt sler stort sett aldri feil i mi bok.

David Cross spelar redneck og bråkemakar Ronnie Dobbs som gjer karriere i å bli arrestert. Heile greia er ei ‘frå ingenting til Hollywood-stjerne’ historie, så denne delen av filmen utmerka seg iallfall ikkje. Det er ingen særlege originale twistar, og David Cross funka rett og slett ikkje som Ronnie Dobbs. Det er ingen sider ved Ronnie som går an å knyte seg til, og heile rollegalleriet rundt fyren er som filmkulisser, ikkje meint for anna enn å sjå på avstand.

Det blir for tomt. Det tek altfor lang tid før første skikkelege morosamme ting skjer, og altfor lang tid i mellom dei neste.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
26-okt-2006

Awesome; I Fuckin’ Shot That! (2006)

User Rating: 6.9/10 (181 votes)

Konserten

Herleg konsert, ein av dei beste eg har sett på DVD. I tillegg til at Beastie Boys puttar på eit godt show gjer det faktum at konserten og ting som skjer undervegs har blitt tatt opp med 50 håndholdte kamera, pluss overvåkingskamera og nokre meir profesjonelle her og der at ein får kjensla av å vere tilstades. Eit surroundspor gir god lyd både framme og bak, og gir den bootleg-aktige videokvaliteten eit dytt til det betre. Klyppinga er hyppig, men ikkje slitsom. Effektane er enkle, og like dei som er brukt i musikkvideoane til Beastie Boys, kul sak. Musikken er ingenting å utsette på, eg er stor fan. For alle andre bør det også vere ein god video. Veldig originalt opplegg iallfall, eg føler eg har lyst å sjå den igjen veldig snart. Anbefalast.

A Day In the Life of Nathanial Hörnblowér

Tulledokumentar med David Cross som Nathanial Hörnblowér, likssom-regissøren til konsertvideoen. Den perfekte castinga med tanke på David Cross må eg sei, ein av favorittane mine når det kjem til slike tullerollar. Han var dessutan ein av dei beste skodespelarane i «Arrested Development», men det er ei anna sak. Her spelte han ein sveitsar på ski og fylla i New York gater. Ein må-sjå ting for dei som har kjøpt DVDen.

Show Intros

Samling med introvideoar som sikkert nok er brukte på storskjerm før konsertane holdt. Opptak frå Australia, dårleg morosamt.

Never Stop Rapping Yet

Ord frå fans frå heile verden, samt frå Beastie Boys og crewet sjølv, utkledd som fans eller som seg sjølv. Ei god samling med originale folk, men i seg sjølv ei passe meiningslaus greie. Også er Jack Black med her og, artig! Eg sa meiningslaust, men likevel bra!

Enter Jerome Crooks’ Angry World

Tour manageren til Beastie Boys er sur, irritert, engasjert, whatever. Fin kompilasjon av episodar.

Shazam! Melee

Ulike versjonar av songen frå «To the 5 Boroughs»-albumet.

BBQ Cook-Off TV Pilot

For hardbarka fans, sjølv hoppa eg over dette 26 minuttars lange liksom-tv-programmet om grilling.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
24-okt-2006

Everything Is Illuminated (2005)

Everything is IlluminatedUser Rating: 7.7/10 (5,714 votes)

Eg visste det var noko kjent med deler av musikken og stemma til Alex i filmen, som viste seg å vere Eugene Hutz, vokalist i «gypsy punk» bandet Gogol Bordello som har gitt ut den flotte CDen «Gypsy Punks: Underdog World Strike» (m.m). Men eg skal ikkje gjere dette til eit innlegg om musikk, eg skal ikkje gjere det til noko særleg meir på nokon områder. Dagens tredje film er ein amerikansk jødes tur gjennom Ukraina på jakt etter bestefarens røter. Denne jøden er spelt av Elijah Wood og er bleik, stille og rar, strake motsetninga av guiden Alex (E. Hutz).

Det er ein fin film, nydelege bilder, folkeleg musikk, lun humor, litt trist der det passa seg, og smårar andre stader. Store deler av filmen er snakka på ukrainsk, som passar seg til landet den foregår i. Her er det ingen forsøk på å gjere ting amerikansk, men kanskje heller å skape ei aust-europeisk stemning i staden.

Eg vart litt overraska når eg såg det var Liev Schreiber som stod bak filmen, ein mann som aldri har virka på meg som ein person til å regissere ein nydeleg film av dette kaliberet. Det er den første (og hittil einaste) filmen han har regissert, og for folk som ikkje koplar namnet har han vore med i «Scream» (1, 2 og 3) og «The Manchurian Candidate», bl.a.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
24-okt-2006

Trois couleurs: Rouge (1994)

User Rating: 8.0/10 (13,837 votes)

Kva har den gamle dama som prøver å putte ei flaske i returcontainaren her å gjere? Kvifor er det berre i denne filmen ho får hjelp?

Siste film i «Trois couleurs» trilogien er den med varmast stemning av fargane. Og Valentine er også den mest omtenksame av dei tre hovudpersonane i trilogien. Skal eg velge ut min favoritt står valet mellom denne og Blå. «Blå» er kanskje hakket betre, men «Raud» stikk definitivt av med beste slutt.

Valentine er modell, får seg ein ny venn, er uvitande omringa av forhold som ikkje går så bra. Desse andre personane sin rolle i filmen krev litt å få med seg skikkeleg, dei er veldig like. Den nye vennen til Valentine er tidlegare rettsdommar, tjuvlyttar på andre sine trådlause telefonsignal, har ein hund som får kvelpar, og drikk pære brandy.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
24-okt-2006

The Weather Man (2005)

User Rating: 7.0/10 (12,103 votes)

Dette virkar litt tomt, med ikkje spesielt interessante voice-overs i ein kjedeleg vermanns kvardag. Nokre gullkorn dukkar heldigvis opp, men resten er verken tragisk bra, engasjerande eller særleg morosamt. Ut den siste delen av filmen går filmen eit hakk opp og gir gode poeng, som på ein måte er ganske banale i kvardagsleg samanheng, men som likevel blir ein overraskelse å høyre i ein film av denne typen.

Nicolas Cage er kjedeleg, og det er sikkert meininga og. Michael Caine er gammal og vis, ikkje fullt så oppdatert på bannord, men ein altfor typisk karakter. Forholdet mellom desse i filmen, i form av far og son funka likevel bra.

Elles klarar filmen å unngå mange klisjear. I mange av scenene sat eg å vente på at noko negativt skulle skje uansett kor vermannen gjekk, men ingen typiske ‘overraskelsar’ dukka opp. Det skal filmen ha. Noko anna gir eg den ikkje æra for, den balanserar på kanten mellom OK og kjedeleg.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
23-okt-2006

The Lake House (2006)

User Rating: 6.9/10 (8,726 votes)

Absolutt nydeleg! Likevel om dette ikkje er anna enn eit kjærleiksdrama med ein interessant tidsforskyving, så er det kjempefilm som verkeleg fekk fram følelsane.

Er du anti-Keanu Reeves eller anti-Sandra Bullock, noko eg veit enkelte folk er, kan det øydelegge filmen. Men for meg var dette topp. Ein skikkeleg good-feeling kjærleiksfilm. Sandra Bullock virkar retterleg ung og søt her.

Nokon kritikarar set peikefingeren på manglande logikk på eit eller fleire punkt i filmen, men legg ein merke til detaljar heile vegen blir det ingen brå endring på nokon måte, og med ei så rørande og likevel pinefull god historie burde ein kunne oversjå slike ting.

Å sette seg ned å sjå ein film utan å ha forventingar, og bli så positivt overraska allereie etter 10 minutt er ikkje ofte at skjer her, det blir dagens andre absolutte anbefaling!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
23-okt-2006

Eternal Sunshine of the Spotless Mind (2004)

User Rating: 8.5/10 (85,450 votes)

How happy is the blameless vestal’s lot! The world forgetting, by the world forgot. Eternal sunshine of the spotless mind! Each pray’r accepted, and each wish resign’d

Sett før og sett igjen. Eg kan ikkje hugse akkurat kor godt eg likte denne forrige gong, men denne gongen satte eg verkeleg pris på filmen. Med låg temperatur i rommet mitt frå før passa tonen i filmen godt inn i sammenheng. Det er ingen deppefilm, heller ikkje ein direkte godfilm. Den er likevel god, veldig god.

Eg har ikkje tenkt å prøve å tilføre særleg meir, det er ikkje ein film eg føler eg kan så mykje om, einaste kan like. Den er godt sammensatt, har eit lite snev av sci-fi som er nok til å gjere det ekstra spesielt, musikken er der, men ikkje dominerande. Stemninga kjem først og fremst fram i kulda og ikkje minst figurane.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10