Trois couleurs: Bleu (1993)
User Rating: 7.8/10 (12,783 votes)
Juliette Binoche. Benoît Régent. Krzysztof Kieslowski. Kraftfull filmmusikk. Sørgeleg undertone, blå. Fransk. Lågt tempo. Tankevekkande. Flotte bilder, blå.
Stort sett dei mest tydelege tankane mine når eg såg filmen er oppsummert i forrige avsnitt. Greia med namnet til Kieslowski hugsa eg nok ikkje bokstaveleg, men tenkte litt på det i starten. Mannen er polsk og lagde stort sett polske filmar, før han avslutta karrieren med fire franske. Av desse høyrer tre til under trilogien «Trois coulerus»; blå, kvit og raud, som i det franske flagget.
Julie (Juliette Binoche) spelar enka til ein velrenomert komponist som dør i ei bilulykke saman med dottera deira. I ettertid av ulykka ønsker ho å komme vekk frå alt og alle, og leiger ei leiligheit under pikenamnet sitt. Olivier (Benoît Régent) vil prøve å fullføre den avdøde komponistens siste konsert, og har også lagt sin elsk på Julie.
Musikken er det viktigaste verkemiddelet i filmen, utan å utelukke bilde på noko måte. Gongene bilde stoppar opp og musikken tek overhånd får det til å krible i heile kroppen, det same kan seiast om sekvensane der fingeren som stryk over notane på eit ark spelar alle instrumenta oppført.
Blå er fargen som Julie prøver å unngå, men likevel ikkje vil gi heilt slepp på. Av dei få tinga ho tek med seg når ho flyttar er ei blå lampe. Mange av bilda i filmen har ein blåtone som stadig minnar oss på kvifor Julie er kommen dit i livet som ho er, og gjer at den sørgelege undertonen blir godt beholdt.
Eg ser med stor glede fram til dei neste filmane i serien, og håpar dei klarar å gjere det same inntrykket med musikken og bilda som denne filmen her, ikkje nødvendigvis på eit trist nivå, noko eg heller ikkje forventar med fargane kvit og raud.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
