Filmdagbok
ness
24-okt-2006

Everything Is Illuminated (2005)

Everything is IlluminatedUser Rating: 7.7/10 (5,714 votes)

Eg visste det var noko kjent med deler av musikken og stemma til Alex i filmen, som viste seg å vere Eugene Hutz, vokalist i «gypsy punk» bandet Gogol Bordello som har gitt ut den flotte CDen «Gypsy Punks: Underdog World Strike» (m.m). Men eg skal ikkje gjere dette til eit innlegg om musikk, eg skal ikkje gjere det til noko særleg meir på nokon områder. Dagens tredje film er ein amerikansk jødes tur gjennom Ukraina på jakt etter bestefarens røter. Denne jøden er spelt av Elijah Wood og er bleik, stille og rar, strake motsetninga av guiden Alex (E. Hutz).

Det er ein fin film, nydelege bilder, folkeleg musikk, lun humor, litt trist der det passa seg, og smårar andre stader. Store deler av filmen er snakka på ukrainsk, som passar seg til landet den foregår i. Her er det ingen forsøk på å gjere ting amerikansk, men kanskje heller å skape ei aust-europeisk stemning i staden.

Eg vart litt overraska når eg såg det var Liev Schreiber som stod bak filmen, ein mann som aldri har virka på meg som ein person til å regissere ein nydeleg film av dette kaliberet. Det er den første (og hittil einaste) filmen han har regissert, og for folk som ikkje koplar namnet har han vore med i «Scream» (1, 2 og 3) og «The Manchurian Candidate», bl.a.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 

Du må vere innlogga for å kommentere.