Ewoks: The Battle for Endor (1985)

IMDb: 5.0/10 (1,540 votes)

Battle For EndorDel to i spin-off serien om ewokane tek opp tråden der «The Ewok Adventure» la den i frå seg. Den serverar meir action i form av kampar mellom bamsane med tomme plastikkauger og andre humanoide skapningar på jakt etter ei sterk kraftkjelde.

Ting eg kan like med filmen: Deler av kulissene, filmmusikken kan funke, nokon av skapningane er animert med ei viss sjarm.

Ting eg ikkje likar: Ewokane, skodespelarane, oppbygginga, lite profesjonell slossing.

Ein anna ting eg lurar på er om dette har gått på tv i Noreg nokon gong, for eg fekk kjensla av å ha sett dette før opptil fleire gonger. Spesielt når dei er i huset til Noah og i borga til humanoidane.

4/10

The Ewok Adventure (1984)

IMDb: 5.0/10 (1,647 votes)

The Ewok Adventure«Caravan of Courage: An Ewok Adventure» er første av to «Star Wars» spin-off filmar om dei teddybjørnliknande skapningane. At George Lucas turde Ã¥ hive seg pÃ¥ nok ein TV-film etter den ultimate floppen «The ‘Star Wars’ Holiday Special» var enten veldig tøft gjort, eller veldig dumdristig gjort. At eg satte meg ned og sÃ¥g denne var det same, enten veldig tøft eller veldig dumt.

Men det skal mykje til for å bli så dårleg som «Holiday Special», og likevel om denne filmen ikkje var spesielt god var den langt betre. For det første slapp eg den kvalme brune fargen på bilde, ettersom dette er frå DVD og ikkje TV-opptakskopi. For det andre er nok denne meir påkosta, og den har betre, men ikkje gode, skodespelarar. No var nokre av den originale «Star Wars» casten med i «Holiday Special», og å sei at gjengen i denne filmen er betre enn dei vil nok vere feil i samanheng med den originale trilogien.

Handlinga i filmen går ut på at eit starcruisership krasjar på planeten til teddybjørnane og ungane på skipet blir skilt frå foreldra sine. Ungane må få hjelp av pelsdottane til å finne forelda og dei legg ut på ei lita reise som kan minnast litt om den i «Ringenes Herre». Dei får alle utdelt ulike våpen og utstyr av ein troll(mann)bamse før reisa startar og på vegen møter dei blant anna ein stor edderkopp.

Filmen gav meg ikkje noko nytt med tanke på «Star Wars» historie, og var ikkje anna enn tørre prestasjonar i eit forelda filmsett. Bamsane er irriterande stygge, men heldigvis ikkje på langt nær så irriterande som wookies.

4/10

El Laberinto del Fauno (2006)

IMDb: 8.4/10 (640 votes)

Pans Labyrinth«Pan’s Labyrinth» er eit spansk krigsdrama og fantasifilm som tek i bruk figurar og historie henta frÃ¥ klassiske eventyr og mytologi. Pan, Fauno eller faunen er ein romersk skoggud som her i filmen har ansvaret for Ã¥ teste unge Ofelia om ho er verdig til Ã¥ komme tilbake til undergrunnsriket der sjela hennar eingong tilhøyrte prinsesse Moanna.

Dei som har sett teaseren har stort sett fått med seg smakebitar av dei mest fancy scenene i filmen, noko som er litt synd, for den er ikkje berre med på å gi hint, men også røpe ting ein ikkje burde vite. Heldigvis låg teaseren veldig svakt i minne hjå meg, og alt blei nytt igjen når eg såg filmen.

Mest dominerande er nok historien om Ofelia og mora sin heller dårlege situasjon i hendene på militærkaptein Vidal, fortreffeleg spelt av Sergi López, ein kald jævel som ikkje skyggar unna noko i kampen mot geriljaen som herjar i skogane rundt leiren der filmen finn plass. Sentral i denne samanhengen er også bestyrerinna i hovudbygningen, som befinn seg i ein mellomposisjon av militæret og geriljaen.

Med all den brutaliteten rundt seg, dei harde tidene og ingen ekte far til å verne seg, drøymer Ofelia på lik linje som Jeliza-Rose i «Tideland» seg bort i kvardagen, men eg vil sei på ein meir elegant og fin måte. Ho har også ei mor som etter beste emne tek vare på ho og er sånn sett ikkje åleine.

Fantasidelen av filmen er ikkje så utprega som eg hadde rekna med den ville bli, men eg er slettes ikkje skuffa. Den er meir vaksen enn «Labyrinth», og mystikken er mørkare, veldig passande til filmen sin alvorlege undertone og historie.

Meir enn dette har eg ikkje å sei. Eg var godt fornøgd med filmoppleving, blandinga av eit drama frå krigstider og mørk mystikk uegna den yngre garden. «Labyrinth» vinn nok terreng på setting og direkte spenning.

5/10

The Black Dahlia (2006)

IMDb: 5.6/10 (5,253 votes)

The Black DahliaÅ forholde seg til filmmeldarar er ikkje noko eg brukar å gjere, men det eg har høyrt om «The Black Dahlia» stemmer godt overreins med min eigen idé filmen, bortsett frå typiske element som anmeldelsar gjerne går i djubden på.

Historien ser ut til å forsvinne i sjølve filmen og dens mange forsøk på å skape eit grunnlag rundt karakterane. Stilistisk har eg ingenting å utsette på «The Black Dahlia»: tung sigarettrøyk, ekte menn med hattar, mørke skyggar, det blir den typiske noir-settingen som tek fokuset i filmen. Karakterane druknar i alt dette, mest Lee Blanchard (Aaron Eckhart) som oppfører seg tullete på ein unødvendig måte, og som kan knyttast til andre trådar i filmen som plutseleg blir nøsta opp i ein hårball så spesiell at til og med katten ville lurt på om den skulle spyttast ut eller bli verande. Dårleg metafor, men poenget er at filmen ikkje engasjerar eller forundra, men gir kjærleik og rart klippte scener i bøtter og spann inntil Brian De Palma samlar dette og får ei meining ut av det.

Kanskje andre ser samanhengen betre og vil ha større glede av det, men «The Black Dahlia» vil ikkje vere ein av filmane eg kjem til å tenke på når nokon seier Brian De Palma i framtida. Denne gjorde ingen inntrykk og vil fort gå i gløymeboka som ein.. ikkje meir enn ein grei film.

5/10

Tideland (2005)

IMDb: 7.0/10 (1,056 votes)

TidelandTerry Gilliam eller ei, denne filmen fall ikkje så godt i smak her. Den er langt betre enn «The Brothers Grimm» på mange område, ein av dei er 12 år gamle Jodelle Ferland> som Jeliza-Rose, dotter av to narkotullingar. Men den blir for brutal på andre område.

Oppveksta til Jeliza-Rose er påverka sterkt av narkotikabruket til foreldra, og ho har utvikla ein veldig sterkt fantasi som ho lever seg inn i til dagleg. I denne fantasien kan ekorn snakke, det finst hekser og monster. Sånn som i yndlingsboka hennar, «Alice in Wonderland». Jeliza-Rose er ein overspelt karakter, og ikkje berre i filmen, men i historia og. Problemet hennar er at ingen er der for å skilje eventyr og realitet for ho.

Når eg skriv at filmen blir for brutal tenker eg først og fremst på scenene med Noah (Jeff Bridges), far til Jeliza-Rose i filmen. Når han set si siste sprøyte, og reiser på ferie for godt, fortreng Jeliza-Rose det faktumet at han er død og let han sitje i stolen sin og rotne, og snakkar til han som om han framleis skulle vere der. Dette blir vel sterkt etterkvart, noko som kanskje har med å gjere at eg ser litt på Jeliza-Rose som ein av ungane i «Nobody Knows» som har blitt forlate av mora si og sakte, men sikkert, forfell. Ein veldig nær film.

At «Tideland» er ein godt laga film vil eg ikkje legge i ei skuff, men temaet blei for sprøtt for meg. Og fleire gonger følte eg meg fråstøytt frå filmen. Den balanserar på kanten og blir alt i alt ein grei film!

6/10

Mou gaan dou (2002)

IMDb: 8.0/10 (9,026 votes)

Som oppkøyring til å få sett «The Departed» har eg tenkt å få sett Hong Kong trilogien «Infernal Affairs». Altfor ofte har eg sett ein amerikansk remake og latt det vere med det.

Så altfor mykje Hong Kong action av verkeleg kvalitet har eg ikkje sett før, så «Infernal Affairs» toppar nok allereie lista mi over desse. Det gjekk litt vel fort i starten, og tok difor nokre ekstra minuttar før eg fekk med meg kven som var kven. Sånn 100% sikker fekk eg no aldri bli på det, men det var det som gjorde filmen god for min del. All mindre forvirring rundt dei to hovudpersonane med tanke på deira part i historia gjorde dette til ein thriller vel verdt å sjå.

Dette er nok ein film eg kjem til å sjå igjen.

8/10

Class of 1984 (1982)

IMDb: 6.0/10 (1,071 votes)

Eg sat med kjensla av å ha sett dette før, men om det skulle stemme eller ikkje, så hadde eg ingen problem med å sjå den (igjen) no.

Andy er ny lærar ved ein problemfyllt high school, der ein bøllete gjeng terroriserar både elevar og lærarar. Dette omfattar alt frå mobbing, pengeutkreving, narkotikasalg, valdtekt til drap i verste fall. Andy føler det er hans jobb å ordne opp og rotar seg bort i ein håplaus situasjon der alle er i mot han, politiet og skulen for mangel på bevis mot gjengen, og gjengen for alt trøbbelet han skapar for dei.

Trass i å vere high school, dette her er svært grove saker, og ein slik gjeng hadde gjort inntrykk i nesten kva slags film og med fleire år på nakken. Men det blir ekstra sterkt når det er snakk om 14-16 åringar. Her er det snakk om skikkelege sinnsforstyrrelsar.

Ei lita stund sat eg med tanken om at det heile var ganske håplaust, altså situasjonen til Andy i filmen, den klarte å engasjere/provosere nok til at dette blei bra som film. Den grafiske volden er særleg grov, skodespelarane ikkje noko å skryte over, heller ikkje trekke ned på.

Men no var eg aldri ute etter å vurdere filmen spesielt når eg skulle sjå den, det var meir til tidsfordriv og underholding denne gongen. Som det ofte er, men for ei gongs skuld tenkte eg ikkje over på kva eg ev. skulle skrive om filmen etterpå.

7/10

The Boondocks sesong 1

The Boondocks15 episodar.

Ein grei animert serie med enkelte episodar som stikk seg ut som ekstra gode. Småting som Samuel L. Jackson som stemme til ein kvit rikmannsson og John C. McGinley som imaginær statsagent i Hueys tankar, samt alle dei originale enkeltkarakterane som dukkar opp er med på å gjere dette til meir enn rein rasepolitikk og satire. Alt må bli tatt med ei klype salt uansett.

Dei siste episodane står igjen som dei beste, og var dei som gjekk raskast unna. Men det meste har humor på eit godt nivå.

Star Wars: Clone Wars sesong 3

5 episodar.

Tredje og siste sesong av Cartoon Networks «Clone Wars» serien består av færre, men lengre episodar. Det vil sei det er plass til meir historie i tillegg til kampane. Det er ikkje så hektisk som dei to første sesongane, men gir eit betre innsyn til kva som vil komme i «Episode 3».

Star Wars: Clone Wars sesong 1

Star Wars Clone Wars10 episodar.

Litt uklar på antall episodar i kvar sesong, og inndelingen i kapittel for utgivelse på DVD. Men det viser seg at første sesong innheld 10 episodar, og at både den og sesong 2 (også på 10 episodar) er på DVD Volume 1. Volume 2 innheld kapittel 21-25 som er sesong 3.

Men frÃ¥ kalde tal til varm action. Dette var artig. Skulle nesten ønske dei hadde erstatta kampscenene frÃ¥ dei siste filmane med noko slikt, for i teiknefilmstil sÃ¥ blir ikkje alle laserane og lyssverd-fektinga slitsom Ã¥ holde følge med, slik eg følte det blei pÃ¥ ‘ekte film’, iallfall var det sÃ¥nn i «Star Wars Episode 3».

Spesielt kampscena med Mace tok pusten ut av meg, og er noko av det betre eg har sett i teiknefilmformat. Det er vel berre for meg å komme i gong med Volume 2.

2 / 51234...5