The Fog (1980)

IMDb: 6.7/10 (7,664 votes)

Det skal ei god vurdering til for å velje å sjå denne filmen om ein har sett 2005-versjonen. For remaken med Tom Welling og Selma Blair er langt i frå solide saker. I forhold til denne er den strippa for gode skodespelarar, påpøsa med unødvendig dramatikk.. ja, generelt gjort verre.

Her er derimot dei ekte sakene, det er betre mystikk, betre skodespelarar, ikkje vektlagt som ungdomsfilm, og eg klarar faktisk å skvette 1 gong. Men den er ikkje skummel, og kjem aldri betre ut av den enn å vere ein over middels skrekkfilm i mine auger. Det er vel det som trekk filmen ned, for bortsett frå at den ikkje er spesielt skummel så har den det som skal til. God og stemningsfull musikk, ein grei historie, ei ung Jamie Lee Curtis, og god mystikk.

7/10

Our Man Flint (1966)

IMDb: 6.4/10 (1,494 votes)

Vår mann Derek Flint er ein steinhard superagent som følger sine eigne reglar. Han bøyger seg verken for oppdragsgivarar eller fiendar og har sin måte å løyse problem på. Med sine fire damer lever han i ei stilfull leiligheit med topp moderne overvåkingsutstyr og veltrente hundar som kan merke uvennlege vibrasjonar i folk. Som den verdensvante personen han er kan han snakke mangfoldige språk, danse alle slags dansar og smake seg til prosentandelen av kvitløk i ein suppe.

Når verden står i fare er «den store datamaskinas» svar klart: Berre Derek Flint kan redde den frå ein ond organisasjon som innehar teknologi som kan styre været over heile planeten. Denne onde organiasjonen er Galaxy, og har som mål lage fred og utrydde fattigdom, på ein måte som verken Derek Flint eller verdens politikarar har noko til overs for. Når alle damer i tillegg blir hypnotisert til å oppføre seg som forlystelseobjekt er grensa iallfall nådd. Flint ser ikkje ut til å ha problem med dette så lenge damene gjer det frivillig.

Dr. Wu: «Ours would be a perfect world! Why?»
Derek Flint: «Because it’s your idea of perfection, gentlemen — not mine!»

Likeheitene med James Bond er mange. Høgteknologiske hjelpemiddel, agenten som har sansen for damer, køyrer stil og har kunnskap om alt, men også uortodoks i handlemåten, er sider ein kjenner igjen. Derek Flint er på mange måtar ein amerikansk James Bond, og den faktiske eller ønska posisjonen til USA i verdssamanheng kjem godt fram i enkelte samtalar. Morosamt blir det difor når ei kongeørn angrip Flint:

«Derek Flint: Say, why does that eagle attack me?
Galaxy worker: He’s been trained to recognize and attack Americans.
Derek Flint: An anti-American eagle. It’s diabolical.»

Med dette trur eg at ein skal klare å danne seg eit bilde av filmen. Ei vidare vurdering ser eg altså ikkje poenget i å skrive, men vil nemne på slutten at filmen i mine auger var akkurat passe morosam og spennande, og kom bra ut alt i alt.

6/10

A Scanner Darkly (2006)

IMDb: 7.4/10 (4,592 votes)

Dette er ein film eg har vanskeleg for å skrive om. Tankane som surra i hovudet når eg såg filmen var veldig splitta, og høgre og venstre hemisfære kjempa hardt for å få siste ord i samanhengen. Men eg startar med det eg likte med filmen.

Animasjonsmetoden brukt i «A Scanner Darkly» er den same som i den tidlegare filmen til Richard Linklater, «Waking Life», og er laga med ein renderteknikk som heiter interpolated rotoscope. For dei som ikkje har sett filmtraileren eller «Waking Life» kan denne teknikken oppsummerast som eit teikneseriefilter på det ekte bilde. Dette gir moglegheiter for å endre bilde og legge til dataanimasjonar utan at det merkast på anna enn logisk vis. Det eg først og fremst merkar med filmen når den brukar ein slik teknikk er at folk og bilde kjem på avstand. Men i enkelte situasjonar føler eg i motsett fall at det er ein ledigare og meir truverdig holdning blant rollefigurane, og at dei blir meir nære.

Filmen er litt tung å fordøye, og eg ser det som ein fordel å ha kjennskap til romanen. Når boka skal bli ein film på 1t 40min så er det noko som blir borte, og då er det greitt å kunne fylle ut dette sjølv. Karakterane forutan Bob Arctor og Donna som ein kjenner betre frå boka, som Barris, Luckman og Freck, er mest med i starten, og blir plutseleg ikkje så viktige lengre.

Etter ca 60 minutt gjer filmen eit lite hopp på stigen, og dei siste 40 minuttane tykkjer eg er blant filmens beste. Ikkje at eg prøver å framstille som dei første 60 som dårlege. Det er mot slutten av filmen ting begynnar å skje. I starten er det meste glupe samtalar som finn stad. Det blir ei kunstig fordeling av handlinga i mine auge.

Eg kjem ikkje til å skryte på denne filmen noko på grunnlag av at boka var god, at filmen er laga av Richard Linklater, eller at stilen er spesiell. Dette blir ikkje meir enn ein grei film, eg hadde håpt på ein betre adapsjon.

6/10

Samurai Champloo sesong 1

26 episodar.

Samurai ChamplooDet har vore ei stund sidan eg fullførte ein heil animeserie. Årsaka var enkelt og greitt at eg hadde sett for mykje møl og ikkje såg poenget i å prøve meg meir på det. Men når det blei tipsa om «Samurai Champloo» som ein god serie, og mi tidlegare erfaring med same produksjonsselskap i form av «Cowboy Bebop The Movie» var god, så hoppa eg like gjerne i det.

For å holde dette kort vel eg å droppe eit samandrag, serien handlar enkelt og greitt om to samuraiar og ei jente som reiser gjennom Edo-tidas Japan for å finne ein samurai som luktar av solsikkeblomst, og møter mange hinder på vegen. Det heile er tidvis hip-hop inspirert, på same måte som «Cowboy Bebop» er western-inspirert. Om eg ikkje tek heilt feil.

Serien var stort sett bra, men eit par episodar var også litt kjedelege. Dei tre siste episodane tok serien opp på eit heilt nytt nivå, og det heile blei verdig runda av. Det er ikkje målet i seg sjølv som er viktig i serien, men vegen til målet, og det var ein del sprø slossing og mørk humor innblanda. Fin-fint!

Terrore nello spazio (1965)

IMDb: 6.0/10 (602 votes)

Mario Bavas «Planet of the Vampires» serverar humor på lik linje med «Diabolik», med sine banale dialogar og fjern handling.

To romskip landar pÃ¥ ein ukjent planet som har sendt ut signal over ein lengre periode. MÃ¥let med turen er Ã¥ finne ut kven som sender ut desse signala, for etter spekulasjonar pÃ¥ om det er radioaktivitet eller andre Ã¥rsaker til utsendinga, sÃ¥ blir det plutseleg klart at det mÃ¥ vere intelligent liv som sender ut signala — og at det aldri har vore pÃ¥stÃ¥tt anna i frÃ¥ filmens side.

Både på veg til landinga og på planeten skjer det uforståelege ting som heller ikkje infraraudt utstyr har fullstendig kontroll over. Etter å ha sett to Mario Bava-filmar så er det vel trygt å sei at fyren har ein fasinasjon for infraraud teknologi, det kan visst brukast til alt.

Kulissene virkar gjennomførte og stilistiske, likevel om dei ikkje alltid er så truverdige, men teknologi som mobilklokker med kamera er jo ikkje anna enn eit veldig godt framtidsretta syn frå den kanten.

Elles fungerar musikken og kamera i perfekt harmoni, og eg simpelt hen elskar bruken av å zoome inn bilde veldig fort kombinert med slagkraftig øyeblikkeleg musikk.

Det morosame med tittelen «Planet of the Vampires» er at filmen faktisk ikkje har vampyrar med i heile tatt. Tittelen er det 16. i rekka av tittelforslag. «Terrore nello spazio» på ei anna side betyr jo «Terror i (verds)rommet», som forsåvidt passar betre til filmen.

5/10

TV samlepost #11

Ein liten runde på nye komiseriar har bevist at amerikansk TV aldri stoppar å produsere møl.

30 Rock

Dette er ein av NBC sine nye komiseriar, og den andre nye serien deira som baserar seg på livet bak kulissene på eit TV-show, den første «Studio 60 on Sunset Strip». Med Alec Baldwin i ein av rollane er det sikkert nok putta ein del pengar inn i produksjonen, og håp om suksess. Og eg må sei, dette var jamnt over greitt i forhold til det andre nye på 25-minuttarsfronten eg har sett. Men det er likevel ikkje spesielt bra. Det kan hende det gode humøret mitt frå ein nyleg sett My Name Is Earl episode gjorde sitt av at eg tykkte dette var artig og.

Twenty Good Years

Eg begynte å lure på om eg hadde sete på rett episode, eller komme borti fjernkontrollen så TVen hadde hoppa over på TV3 eller TVNorge. Dette er ein drittserie som absolutt ikkje fortenar noko anna enn å gå midt på dagen når ingen vil finne på å sjå det. Etter fem dårlege minuttar måtte eg slå av. Årets verste hittil. Jeffrey Tambor (kjent frå «Arrested Development» bl.a.) klarar ikkje redde eit sekund av dette.

The Game

Eg klarte faktisk å fullføre heile første episode av denne serien, men lo ikkje ein einaste gong. Og det var tilogmed med eit par pils innanbords, så denne serien stryk glatt. Sorry, Kelsey Grammar, du har laga noko ekte drit her.

Help Me Help You

Denne er faktisk nesten på lik linje med 30 Rock, men har ideen framfor skodespelarane som si sterkaste side. Seriens samlingspunkt er ei terapigruppe med folk som alle har sine spesielle problem, og der gruppeleiaren sjølv er i ei midtlivskrise. No skal eg ikkje skryte opp denne serien heller, for stort sett alt i dette innlegget har vore skuffane på ein eller anna måte, og er ingenting å ta med seg vidare.

Trzy kolory: Bialy (1994)

IMDb: 7.5/10 (8,652 votes)

Den andre franske filmen i «Trois couleurs» trilogien har fått polsk tittel, foregår for det meste i Polen, og har ein polsk mann i hovudrolla. Og når regissøren i tillegg framleis er polsk, så er det eigentleg ikkje så mykje å halde igjen på til å kalle det ein fransk film.

Mannen i hovudrolla, Karol — den polske versjonen av namnet Karl (Zbigniew Zamachowski), befinn seg i utgongspunktet i Frankrike, der han er nyskilt frÃ¥ den franske kona si Dominique (Julie Delpy) fordi han ikkje har klart Ã¥ tilfredsstille ho etter dei gifta seg. Ute pÃ¥ gata, utan pengar og pass, møter han ein polsk mann som hjelper han tilbake til Polen, der han set i gong med ein plan for Ã¥ fÃ¥ Dominique tilbake.

Analyse driv eg vanlegvis ikkje med, og kvit er ein farge som ikkje har så tydeleg meining som blå for min del. Men les ein litt rundt omkring så dukkar ord som håpefull, reinheit, ekstase og uskuld opp. Dette stemmer forsåvidt med dei inntrykka eg fekk i filmen, så skal ikkje gå så mykje vidare innpå det. Elles blir scener der kvitfargen er utheva vel brukt og forsåvidt. Musikken er ikkje like kraftfull som i «Blå», men spelar også ein viktig rolle her.

8/10

An Ox’s Tale: The John Entwistle Story (2006)

IMDb: 7.9/10 (14 votes)

Som kanskje det første store bassistikonet og visstnok den første som skal ha gjort ein bassolo live, var John Entwistle ein av hjørnesteinane i The Who heilt fram til han døydde i 2002.

Denne dokumentaren legg naturlegvis vekt på rollen Entwistle har hatt i The Who, og spesielt korleis kjemien mellom han og Keith Moon skapte mykje god musikk på improvisorisk vis. Det er ikkje langt unna at han blir sagt å ha hatt den viktigaste rollen, men dokumentaren stoppar på kanten, og begrepet hjørnestein blir betre å bruke.

Forholdet mitt til The Who strekker seg ikkje lengre enn til at eg har høyrt 2-3 songar før, som «Teenage Wasteland» og «My Generation», og kanskje ein tredje. Eg har alltid vurdert dei som eit alternativ til dei altfor få albuma The Doors gav ut, men har ikkje fått høyrt nærmare på dei likevel. Etter å ha sett denne dokumentaren har eg vel eigentleg ikkje fatta meir interesse for dei heller, verken det eller mindre. Dette er informativt, har eit par gode songar, men vil nok vere for dei meir interesserte enn for å trekke nye fans til gruppa. Det blir ikkje som med «The Doors»-filmen, som då ikkje er ein dokumentar heller, ein film som verkeleg engasjerar både fans og nye folk. Å trekke samanlikning med ein slik film er jo feil på mange måtar, men gir eit bilde av det eg prøver å sei: At dette er informasjon framfor underholdning.

Så til konklusjonen eller liknande. Det opnar litt treigt, men etter å ha høyrt eit par kjente songar klarar eg å sette meg godt inn i dokumentaren ca ein time, då dalar interessa nesten til botnen og konsentrasjonen forsvann. Eg trur derimot denne vil vere eit godt val for dei som er interessert i The Who frå før, for det er ikkje ein «narkotika og musikk»-dokumentar, men først og fremst ein musikkdokumentar, og kan ei god, men enkel tidslinje på John Entwistle og The Who si utvikling.

5/10

Trois couleurs: Bleu (1993)

IMDb: 7.8/10 (12,783 votes)

Juliette Binoche. Benoît Régent. Krzysztof Kieslowski. Kraftfull filmmusikk. Sørgeleg undertone, blÃ¥. Fransk. LÃ¥gt tempo. Tankevekkande. Flotte bilder, blÃ¥.

Stort sett dei mest tydelege tankane mine når eg såg filmen er oppsummert i forrige avsnitt. Greia med namnet til Kieslowski hugsa eg nok ikkje bokstaveleg, men tenkte litt på det i starten. Mannen er polsk og lagde stort sett polske filmar, før han avslutta karrieren med fire franske. Av desse høyrer tre til under trilogien «Trois coulerus»; blå, kvit og raud, som i det franske flagget.

Julie (Juliette Binoche) spelar enka til ein velrenomert komponist som dør i ei bilulykke saman med dottera deira. I ettertid av ulykka ønsker ho Ã¥ komme vekk frÃ¥ alt og alle, og leiger ei leiligheit under pikenamnet sitt. Olivier (Benoît Régent) vil prøve Ã¥ fullføre den avdøde komponistens siste konsert, og har ogsÃ¥ lagt sin elsk pÃ¥ Julie.

Musikken er det viktigaste verkemiddelet i filmen, utan å utelukke bilde på noko måte. Gongene bilde stoppar opp og musikken tek overhånd får det til å krible i heile kroppen, det same kan seiast om sekvensane der fingeren som stryk over notane på eit ark spelar alle instrumenta oppført.

Blå er fargen som Julie prøver å unngå, men likevel ikkje vil gi heilt slepp på. Av dei få tinga ho tek med seg når ho flyttar er ei blå lampe. Mange av bilda i filmen har ein blåtone som stadig minnar oss på kvifor Julie er kommen dit i livet som ho er, og gjer at den sørgelege undertonen blir godt beholdt.

Eg ser med stor glede fram til dei neste filmane i serien, og håpar dei klarar å gjere det same inntrykket med musikken og bilda som denne filmen her, ikkje nødvendigvis på eit trist nivå, noko eg heller ikkje forventar med fargane kvit og raud.

8/10

The Break-Up (2006)

IMDb: 5.8/10 (8,712 votes)

Rundt premieretidene til denne filmen var det ein del snakk om dette som gjennombrotet til Vince Vaughn i Hollywood. Men for alle som har fulgt nok med dei siste Ã¥ra sÃ¥ blir det litt feil Ã¥ sei det pÃ¥ den mÃ¥ten. Sidan slutten av 90-talet og utover har rollane til Vince Vaughn, med enkelte unntak, blitt større og større, og Ã¥ fÃ¥ ei slik rolle som i denne filmen ser eg difor pÃ¥ som ei naturleg utvikling. Ã… bruke ordet gjennombrot fÃ¥r parallellar til at fyren ikkje har gjort noko som er verdt Ã¥ legge merke til før, noko visse vil pÃ¥stÃ¥, men som ein som ikkje avskyr Vaughn pÃ¥ dÃ¥rleg grunnlag — sÃ¥ meinar eg at fyren har vore ein viktig birolleskodespelar og person i The Frat Pack. PÃ¥ ei anna side kan eg inngÃ¥ eit kompromiss med pÃ¥staden om dette som eit gjennombrot, fyren har bÃ¥de ei hovudrolle og unngÃ¥r eit desperat forsøk pÃ¥ Ã¥ vere morosam. Det siste er veldig viktig, ettersom litt av problemet i The Frat Pack filmane er dei desperate forsøka pÃ¥ Ã¥ vere morosam over heile linja.

Frå Vince Vaughn til filmen: I motsetning til dialogane som gårsdagens film med Jennifer Aniston fokuserte på, er det her meir handling og tydelege følelsar opp i bilde. Det heile baserar seg på at to sambuarar; Gary Grobowski og Brooke Meyers, slår opp. Filmen følger dei kommande forsøka deira på å såre den andre personen, sidan dei ikkje vil vere den svake parten. Det flotte med dette som ein komedie er at det ikkje blir forsøkt å skape hysteriske settingar heile tiden for å halde interessa oppe. Filmen balanserar godt heile vegen gjennom, og klarar å behalde den seriøse undertonen, samt at den ikkje trår i fella med å bruke karikaturar som overtrår realistiske personar.

Det finst mange ting å trekke ned på filmen, og alt eg har nemnt over stemmer ikkje på heile filmen, dette er og blir ein film som er laga for å selge, det er ikkje til å unngå. Men den tek ein anna form enn det eg er van med frå slike filmar, og det skal den eit pluss for. Mitt andre pluss vil gå til Vince Vaughn og Jennifer Aniston, dei serverar gode rolleprestasjonar på 1970-tals grønne porselensfat (= intern spøk).

6/10
3 / 51...2345