Filmdagbok
ness
30-nov-2006

Jaws (1975)

JawsUser Rating: 8.3/10 (65,584 votes)

Eit gjennsyn med Steven Spielbergs store 1970-tals thriller. Denne gong i forlenga 30-års utgåve, utan at eg merke noko nytt forsåvidt. DVDen hadde DTS lydspor og godt bilde, og eg fekk i tillegg køyrt teksting på den, som kan vere greitt i starten av filmen iallfall. Bonusdiscen med ekstramateriale ligg ennå å ventar.

Eg vart meir innstilt på å glede meg over filmen denne gongen, og gjorde det dei stadene eg ikkje irriterte meg over korleis folk oppførte seg. Med det tenker eg på bystyret som set økonomi framfor helse, og folka på stronda som berre tenkte på seg sjølv i alvorets time. Men det er slik filmen skal vere, og det er vel meiningen desse folka skal provosere, så det er vel ingen grunn til å klage på det, snarare tvert i mot, Spielberg får fram det han skal.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
30-nov-2006

Requiem for a Dream (2000)

User Rating: 8.4/10 (75,414 votes)

Darren Aronofsky bankar på døra med ny film om dagen. «The Fountain» med sine nydelege estetiske spesialeffektar, etter traileren å dømme, har nyleg hatt amerikansk kinopremiere og kom ut av premierehelga på ein kanskje skuffande 10. plass.

Men innlegget skal ikkje handle om «The Fountain», ei heller om «Pi» som står i sterk kontrast med sitt grovkorna svart/kvitt 8mm bilde, og som var Aronofskys film før «Requiem for a Dream». Det hjelp derimot å nemne desse for å plassere stilen til filmen, som er ein mellomting mellom det kalde perfekte digitale i «The Fountain» og det gråtona og grove i «Pi».

«Requiem for a Dream» er eit nydeleg stykke arbeid. Den er teknisk brilliant og har eit stemninsfullt lydspor dominert av fiolin. Og om ikkje historia om dei ulykkelege skapningane i dei tragiske situasjonane blir for deprimerande, så er det faktisk litt skjult humor å finne her. Aronofsky tek omm avhengigheitsproblem på ulike måtar, med det største fokuset på narkotiske stoff. Men om ein er van med at slike narkofilmar gir ei rein skildring av ein nord-og-ned historie, så pustar «Requiem for a Dream» litt betre. Det ser ikkje akkurat lyst ut her heller, men opplevelsen er så mykje rikare når karakterane har ein slags grunn for misbruket sitt.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
28-nov-2006

Bottle Rocket (1996)

User Rating: 7.3/10 (10,462 votes)

Bottle RocketWes Anderson sin første langfilm er Luke og Owen Wilson sine debutar på storskjermen, det kan merkast på den måten at dei ikkje har den same sjølvsikre stilen som dei pleier å ha, spesielt Owen. Det skrantar derimot ikkje på god prestasjon, og det er i gode hender dei er her.

«Bottle Rocket» er nok Wes Andersons minst spesielle film. Humoren ligg litt på same nivå, men er ikkje så overdreven, og alvorlet kjem mykje betre fram her enn i dei andre filmane hans. Det er i grunn det eg likte best med denne filmen. Den har ikkje noko amatørpreg over seg, og tilogmed James Caan dukkar opp i ein halvstor birolle her.

Om det er den beste filmen til Wes. Nei, men den fall betre i smak enn «The Life Aquatic with Steve Zissou», som var for spesiell for meg. Også verdt å sjå pga. av at det er debutfilmen for to frå frat packs crewet.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
28-nov-2006

Fantastic Four (2005)

User Rating: 6.0/10 (26,865 votes)

Ein slapp actionkomedie som eg ikkje har så mykje fornuftig eller positivt å uttale meg om. Jessica Alba er som vanleg eit nydeleg skue, men resten av gjengen her ser eg ingenting i. Dei har ikkje den gode karismaen ein superhelt skal ha, og filmen blir for anonym. Spesialeffektane klarar seg godt, men det er ikkje grunn nok til å sjå filmen, skal ein ha eksplosjonar og heile den pakken finst det nok av andre filmar å velge mellom som held ein høgare standard enn denne.

Poenget med denne filmen er vel ikkje anna enn å more publikum og gi eit livleg bilde og lydspor, den er også rimeleg kort, noko som enten er fordi ein djupare historie er utelatt med vilje, eller fordi budsjettet ikkje holdt til meir enn dette med spesialeffektar. Eg kunne tenke meg ein film som ikkje føltes så enkel og banal, og tross dei svimlande 100 millionar dollars på budsjettet føles litt billeg. Eg har nok ein del i mot meg på dette område, for totalinntekta på verdsbasis er visst over 300 millionar dollars.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
27-nov-2006

Casino Royale (2006)

Casino RoyaleUser Rating: 8.1/10 (23,328 votes)

James Bond franchisen har nådd 21 filmar med «Casino Royale», om ein då ser bort i frå forrige «Casino Royale» og «Never Say Never Again». Av desse har eg sett ein her og ein der, og aldri vore så med på det at eg har måtte sett alle. For meg står Bond som lett underholdning med ein kjent karakter, enkelt og greitt på to måtar altså.

For å hoppe til saken, med denne filmen blei eg faktisk engasjert. Det var akkurat passe bra med action og thriller, og dramadelen kjøper eg med tanke på kva den legg opp til. Filmen byr ikkje på dei største overraskelsane, og heller ingen stor skurk med blikket retta mot å ta over verden. Mads Mikkelsen si skurkerolle er velbalansert og mykje lettare å godta enn det dei forrige storskurkane har vore. At filmen ikkje har nokre twistar er å lyge, den har også eit par småting som er vanskeleg å plassere med det same, og som kanskje kunne ha vore gjort annleis. Men det er berre snakk om flisespikkeri, Daniel Craig gir meir djubde til Bond enn eg har sett nokon gjere tidlegare.

«Casino Royale» er blitt sammenligna med «Batman Begins» i konseptet om å starte på starten. Heilt på starten er ikkje dette, for James Bond går ikkje frå å vere ingenting til å bli Bond, det er ei historie der som ikkje blir sett nærmare på, og som strengt tatt ikkje vil vere nødvendig å fordjupe seg i heller. Ein del av det typiske ved Bond blir forklart, og det er nok det Bond treng i vår tid. Det er lettare å akseptere ein person som har ein grunn til å vere slik han er, enn å berre vere slik. Det blir kjekkare å følge denne personen og.

Eg føler eg ikkje heilt fekk taket på filmen i denne oppsummeringa, så for å unngå meir tullball. «Casino Royale» er ein god film, uansett Bond. Filmen er i passe lengde, velbalansert, har litt av alt. Eva Green er nydeleg. Daniel Craig er tøff. Tilogmed M er eit menneske. Q er fråverande, utan problem, gadgets har aldri vore min ting med Bond-filmane. Produktplasseringa er velplassert, litt nedtona i forhold til før, med visse unntak. Det må vel bli godtatt.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
26-nov-2006

About Schmidt (2002)

User Rating: 7.3/10 (32,765 votes)

About SchmidtJack Nicholson er 69 år gammal, noko som med enkel rekning blir 65 då denne filmen blei utgitt. Perfekt for rollen som nypensjonerte, 66 år gamle, Warren Schmidt. Ein mann som etter å misse kona ikkje heilt kva han skal gjere med livet sitt.

Eg synst dette blir for langt. Jack Nicholson er aldri meir enn seg sjølv, noko som er artig, men sjølve filmen blir for slapp. Den unngår det som blir forventa av ein slik film. Ser ein på mannen bak filmen, Alexander Payne, som i ettertid har laga «Sideways», så er det ikkje overraskande at filmen utspelar seg som den er. «Sideways» er ein dramakomedie som absolutt har djubde, og det har «About Schmidt». Det morsomme med filmen ligg ikkje i handling, men i folka bak handlinga. Men den gir aldri nokon god grunn til å få meg involvert.

Ingen dårleg film, men den treff ikkje meg skikkeleg.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
26-nov-2006

Achi-wa ssipak (2006)

User Rating: 5.5/10 (10 votes)

Aachi and SsipakRå animasjon og bæsj er stikkorda for denne sør-koreanske produksjonen som er å finne som 7 webisodes på den offisielle sida eller som heil film på DVD.

Eit framtidig samfunn har utvikla teknologi som hentar energi frå bæsj og oppfordrar dermed alle til å drite mest mogleg, noko som blir belønna med eit narkotika i form av iskrem. Aachi og Ssipak er to småkriminelle som livnærer seg ved å selge stole ‘iskremar’ på svartebørsen, og blandar seg oppi lumske saker involvert cyborg-politi, mutantar og lokal mafia.

Heile filmen er rimeleg absurd, men med den villaste animasjonsaction på lenge går 90 minuttar unna, og stoppar ikkje å overraske undervegs der sjølve historien i grunn glir litt ut. Fell traileren i smak, så gjer iallfall filmen det.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
26-nov-2006

Kairo (2001)

KairoUser Rating: 6.7/10 (2,026 votes)

«Kairo» er den japanske skrekkfilmen som årets Pulse var ein remake av. Oversatt betyr tittelen akkurat det same som sin fjerne amerikanske slektning, og er ein av dei få likheitene desse filmane deler. Den andre er raud ducttape, den tredje er… det stoppar vel eigentleg ved to, stort sett.

For å dra ei godt brukte frase, desse filmane er som sol og måne. Dei er vidt forskjellige på nesten alle område, og eg kan ikkje komme utanom å samanlikne. Det er dessutan ein god måte å trekke fram kva som er bra med «Kairo».

«Pulse» var ein film som febrilsk prøvde å leite etter ein form for logikk bak hendinga, den spelte på fancy effektar og digitalt bilde, brå sekvensar og nymotens teknologi. «Kairo» er langsom, og har ingen scener som gjer at eg bråskvett. Eg var derimot nære ved å ta meg ein pause for berre å gå rundt og hente meg inn igjen. Dette er typisk J-Horror der heile filmen er trykkande og nervepirrande, og det er jo det som er tingen med skrekkfilm! Her er ingen heltar som skal finne ei løysing. Ligg det kanskje meir i japanarane sin kultur å godta ting som dei er? Eg veit ikkje, men det virkar sånn, og det gjer seg godt på film.

Sarte sjeler bør halde seg unna, dette er eit drøss med grøss. Eg vart skremt.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
26-nov-2006

Animal House (1978)

Animal HouseUser Rating: 7.5/10 (23,527 votes)

«American Pie», «Accepted», «Road Trip». Lista er lang over filmar eg kjenner igjen i «Animal House», som tydeleg har stått som inspirasjon til ein drøss med high school og college filmar dei siste 28 åra. Det handlar om drikking, hærverk og jenter for det meste. Og sjølvsagt college-brorskap. Animal House er kallenamnet på Delta sitt hus, som får gjennomgå av både rektor og det konkurrerande brorskapet Omega. Men det er ein grunn til det, Delta elskar å feste, får dårlege karakterar og bryr seg ikkje med andres eigendom.

«Animal House» klarar seg godt i sjangeren sin, og har ingen problem med alderdom. Men som oftast som med National Lampoon blir det i overkant av hjernedød humor, og det traff ikkje heilt denne gongen. Sjølv om den hamnar godt oppe på lista i sin kategori, så blir det ein midt-på-treet plassering tvers over. Er derimot slapsticks på slapsticks av bøllete art det ein er på jakt etter, så sats på denne. Det er også eit must for dei som er vel inne i ungdomskomediar, på grunn av sitt breie spekter av plots som andre filmar gjerne berre brukar eit par av.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
25-nov-2006

Palindromes (2004)

PalindromesUser Rating: 6.9/10 (2,584 votes)

Todd Solondz skremmer meg. At han var mannen bak Happiness fann eg ikkje ut av før etter å ha sett denne filmen ferdig, men no fell alle brikkene på plass.

Temaet som går igjen i desse filmane er pedofili og seksualitet. Eg skal ikkje dra noko større samanlikning mellom filmane, ettersom det ikkje vil vere noko poeng, men går rett på sak med «Palindromes».

Aviva er tretten år og har lyst på barn og familie. Ho går ganske langt for å oppnå dette. Gjennom filmen blir Aviva spelt av sju ganske så forskjellige skodespelarar, noko som gjer den første delen av filmen vrien å sjå samanhengen i. Etter kvart blir det ein vanesak. Det som derimot aldri kan bli ein vanesak er alle dei rare folka Aviva møter. Spesielt familien Sunshine som har adoptert 10 fysiske eller psykisk hemma ungar, og oppfører seg som den typiske amerikanske familien frå ein komedie satt til 1960-talet, er verdt å nemne. Ein opplevelse!

Filmen er veldig nærgåande, kanskje i overkant av ærleg, noko som gjer den både ubehageleg og komisk. Den touchar viktige problem i fleng og blir soleis meiningsfull. Men det heile kjem tilbake til det ubehagelege ved å sjå filmen.

Eg vil sei det er ein god film som gjer inntrykk, men som eg ikkje likte nettopp på grunn av det utiltalande temaet. På ei anna side likte eg filmen, for den er eit godt stykke arbeid. Måten den blir gjennomført på har eg aldri sett før. Det litt uoversiktlege med forskjellige Aviva-er gjenspeglar tankane mine om filmen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10