Filmdagbok
ness
26-nov-2006

Kairo (2001)

KairoUser Rating: 6.7/10 (2,026 votes)

«Kairo» er den japanske skrekkfilmen som årets Pulse var ein remake av. Oversatt betyr tittelen akkurat det same som sin fjerne amerikanske slektning, og er ein av dei få likheitene desse filmane deler. Den andre er raud ducttape, den tredje er… det stoppar vel eigentleg ved to, stort sett.

For å dra ei godt brukte frase, desse filmane er som sol og måne. Dei er vidt forskjellige på nesten alle område, og eg kan ikkje komme utanom å samanlikne. Det er dessutan ein god måte å trekke fram kva som er bra med «Kairo».

«Pulse» var ein film som febrilsk prøvde å leite etter ein form for logikk bak hendinga, den spelte på fancy effektar og digitalt bilde, brå sekvensar og nymotens teknologi. «Kairo» er langsom, og har ingen scener som gjer at eg bråskvett. Eg var derimot nære ved å ta meg ein pause for berre å gå rundt og hente meg inn igjen. Dette er typisk J-Horror der heile filmen er trykkande og nervepirrande, og det er jo det som er tingen med skrekkfilm! Her er ingen heltar som skal finne ei løysing. Ligg det kanskje meir i japanarane sin kultur å godta ting som dei er? Eg veit ikkje, men det virkar sånn, og det gjer seg godt på film.

Sarte sjeler bør halde seg unna, dette er eit drøss med grøss. Eg vart skremt.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
gbang har sagt:

Bra du likte denne da! Gir meg nok en god grunn til å styre unna remaken.

Zann har sagt:

I mine øyne en av de store klassikerne i sørøst-Asia-horrorbølgen fra noen år tilbake, sammen med filmer som Dark Water, Audition og A Tale of Two Sisters. Trondheim filmklubb har fremdeles rød tape på noen dørkarmer på kontoret etter at vi viste denne for noen år siden. Gode minner!

ness har sagt:

Takk for påminnelsen. Var meint å sjå Dark Water og Audition ein gong i tiden, men det blei av ein eller anna grunn gløymt. A Tale of Two Sisters var ikkje så skummel, men likevel god.