Filmdagbok
ness
28-nov-2006

Bottle Rocket (1996)

User Rating: 7.3/10 (10,462 votes)

Bottle RocketWes Anderson sin første langfilm er Luke og Owen Wilson sine debutar på storskjermen, det kan merkast på den måten at dei ikkje har den same sjølvsikre stilen som dei pleier å ha, spesielt Owen. Det skrantar derimot ikkje på god prestasjon, og det er i gode hender dei er her.

«Bottle Rocket» er nok Wes Andersons minst spesielle film. Humoren ligg litt på same nivå, men er ikkje så overdreven, og alvorlet kjem mykje betre fram her enn i dei andre filmane hans. Det er i grunn det eg likte best med denne filmen. Den har ikkje noko amatørpreg over seg, og tilogmed James Caan dukkar opp i ein halvstor birolle her.

Om det er den beste filmen til Wes. Nei, men den fall betre i smak enn «The Life Aquatic with Steve Zissou», som var for spesiell for meg. Også verdt å sjå pga. av at det er debutfilmen for to frå frat packs crewet.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
TMwtP har sagt:

Apropos Caan, jeg så han nettopp i hans første film-’rolle’ ever. I Irma la Douce har han omlag 20 sek. skjermtid som marinegast med transistorradio, lyttende til baseball og på vei opp til en hore. Fin debut.

ness har sagt:

Kan faktisk godt sjå for meg fyren i ein slik rolle. Artig kar. Tv-serien Las Vegas hadde ikkje vore det same uten han, langt i frå faktisk.