Filmdagbok
ness
23-nov-2006

Pulse (2006)

User Rating: 3.7/10 (1,967 votes)

PulseEr Kristen Bell i ferd med å bli ei ny Sarah Michelle Gellar? Å spele i denne filmen var iallfall ikkje eit godt karriereval, men så spørs det om jenta frå «Veronica Mars» har talentet til å kunne spele andre rollar enn den smarte sarkastiske og litt kalde ungdomsetterforskaren ho er i TV-serien. Det ser ikkje lyst ut.

«Pulse» virka på meg som ein film som utan anna grunnlag til å bli laga enn å samle ein gjeng med TV-skodespelarar sammen og vise Kristen Bell i undertøy her og der. Ikkje dumt det, men det blir svakt som det einaste gode med denne filmen.

For å kaste litt lys over opplegget her. Eit datavirus som spreiar seg gjennom trådlause signal tek livslysta ut av folk og skapar ei sjølvmordsbølge. Dataviruset dannar spøkelse som bevegar seg i lufta i ein spesiell frekvens og ser ut til å vere umogleg å stoppe. Alt er gjennomført i tråd med filmar som «White Noise» og asiatiske mørkhåra spøkelse. Det er faktisk litt creepy, det skal den ha.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
23-nov-2006

Rain Man (1988)

Rain ManUser Rating: 7.9/10 (56,976 votes)

Ei skildring av historia mellom Charlie og den eldre, delvis tilbakeståande, broren Raymond frå dei møtes første gong og gjennom ei veke på roadtrip frå Cincinetti til Los Angeles.

Med Dustin Hoffman og Tom Cruise, typisk 1980-tals musikk og ei nesten rørande historie på 133 minutt Barry Levinson, sist aktuell med «Man of the Year» klart å skape ein av tiårets mest populære filmar.

Personleg tykkjer eg filmen er god, men og at den blir for lang. Raymond (Hoffman) blir for slitsom og Charlie (Cruise) kjøper eg ikkje heile vegen, men det går.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
22-nov-2006
Comments Off
Comments Off

An Inconvenient Truth (2006)

An Inconvenient TruthUser Rating: 8.2/10 (6,732 votes)

Eg tok Jacob på ordet og hoppa for 1t og 40min inn i det miljøbevisste hjørnet, sett i filmsamanheng.

Med Al Gore i spissen har Davis Guggenheim satt sammen ein film som følger den tidlegare presidentkandidaten og miljøkjemparen under ei av miljøforedraga sine. For å gjere dette meir interessant er det også lagt til litt historie om kvifor Al Gore har blitt ein så intens miljøkjempar og kva han har gjort for å kunne sei/påstå det han gjer i denne dokumentaren.

Det blir velbalansert og truverdig, og alle vonde minne frå Michael Moore og Erik Gandini forblir i underbevisstheiten. Al Gore gir oss ingen ting som kan tyde på at global oppvarming er anna enn menneskeskapt, men det går an å kjøpe det. Det er overbevisande.

Eg tek på meg å anbefale denne filmen vidare til alle og ein kvar, dette er ein viktig bodskap. Og ikkje berre difor, men denne dokumentaren er like fengslande som taledyktigheiten til Al Gore.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
22-nov-2006
Comments Off
Comments Off

Cars (2006)

CarsUser Rating: 7.7/10 (15,743 votes)

Eg er ingen stor fan av Pixar/Disney-filmar, men synst dei fleste er heilt greie. Difor har eg utsatt å sjå «Cars» ganske så lenge no, men tok meg endeleg i dag meg tid til å sjå den.

Å for å komme til saken, dette var ein god film. Lang, men det ser eg ikkje på som anna enn eit pluss. Sjelden har ein film som dette, som er retta ein del mot den yngre målgruppa, klart å fenge så bra her på hybelen.

Bilar til tross, her var det verkeleg sjel i bilde. Og så massivt med detaljar overalt, ingen tvil om at dette er planlagt ned til minste pixel. Ei kort gjennomgåing av lista over tidlegare sette animasjonsfilmar i år, så kan eg vel fastslå at denne kjem best ut. Det er lenge sidan eg har kost meg så mykje med alle delene av ein animasjonsfilm, og ikkje berre historie eller animasjon.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
22-nov-2006

Hellboy (2004)

HellboyUser Rating: 6.6/10 (23,815 votes)

Guillermo del Toro, mannen som nyleg har gitt oss «El Laberinto del Fauno» driv for tiden på med forarbeidet til «Hellboy 2: The Golden Army». Fram til då er det ikkje mykje anna å gjere enn å sjå hans tidlegare arbeid.

«Hellboy» er ein av dei verkeleg gode teikneserieadapsjonane som er komme dei siste åra, og som eg har fått sett. Eit gjensyn var difor etterlengta, og gjennomført no rundt 2.5 år etter første gong eg såg filmen.

Masser av special effects, ein beauty and the beast love story, onde nazistar som gjenoppstår. Ingrediensane manglar det ikkje på, og retten blir god. Dette er 2 timar med heftig action i beste stil.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
21-nov-2006
Comments Off
Comments Off

Mallrats (1995)

MallratsUser Rating: 7.1/10 (30,077 votes)

Tidleg film frå Kevin Smith med støtte av fleire kjente ansikt i View Askew gjengen som Jason Lee, Ethan Suplee, Joey Lauren Adams og Ben Affleck.

Mykje teikneserieprat og dameskråling, og det funkar greitt nok. Ikkje den aller beste komedien frå denne kanten, men god i forhold til mykje anna amerikansk Hollywoodkomedie.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
21-nov-2006

Babel (2006)

User Rating: 7.9/10 (4,438 votes)

Babel«Babel» hadde noregspremiere på fredag, men situasjonen gjorde at eg ikkje fekk sett den før i går. Med eit publikum som hadde forma eit kross i seteplassering var det berre å pine seg gjennom nokre obligatoriske minuttar trønderreklame før filmen byrja.

Regissøren Alejandro González Iñárritu er nok mest kjent for filmane «Amores perros» og «21 Grams». Sistnemnte, som eg har sett, gjorde ikkje noko spesielt inntrykk på meg, og eg kan ikkje hugse at eg likte filmen ein gong. Men etter å ha sett «Babel» kan eg gjerne sette meg ned og prøve igjen.

Denne 3. filmen av Iñárritu som på ein eller anna måte flettar inn ei ulykke i filmen, som er delt i 4 deler, er hittil den beste kinoopplevelsen eg har hatt i år. «Borat» var også god, men på ein anna måte. «Babel» hadde kraftfull filmmusikk og nydelege bilder, mildt sagt fantastisk filmografi. Og det skar i sjela mi å merke at lydanlegget i kinosalen ikkje takla dei mest nærgåande augneblikka.

Babel screencapDei 4 delene filmen er satt saman av er alle knytta ihop på ein eller anna måte, utan at ein skal legge for mykje i å finne ut av det. Reint kronologisk foregår det heller ikkje, men «Babel» treff godt på skiva i sitt forsøk. Me følger ekteparet Jones på busstur i Marokko, to unge gjetarar - også i Marokko, ei meksikansk barnepassar med to barn sør-vest i USA og ei ung japansk jente i Tokyo. Det som eg synst gjer filmen så bra er kulturskildringane, og det er med handa på hjarte eg kan sei at det er ein av dei beste skildringane av japansk ungdomskultur eg har sett på film. Kontrasten mot Marokko er stor, men ikkje heile vegen. Det går igjen at uansett kor ein er i verden, så har alltid menneske nokon likheiter.

Tragedie er også ein raud tråd i filmen. Som «Filmspotting» påpeikar, så er drar Iñárritu det ganske langt. Og spesielt familien Jones får gjennomgå. Men dette er jo film, og likevel om eg tenkte over dette så gjorde det meg ingenting når eg såg filmen.

Konklusjonen min, om eg skal lage ein, er at dette var overraska bra. Forventingane mine var låge, og eg klarte ikkje å forestille meg anna enn at det kunne bli litt kjedeleg. Dårleg innstilling før ein film, eg veit. Men dette var ein knallgod film som eg knapt har skrapt overflata på her i denne anmeldelse-liknande-saken.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
20-nov-2006
Comments Off
Comments Off

Bewitched (2005)

User Rating: 5.1/10 (10,792 votes)

Bewitched«Bewitched» er originalt ein TV-serie som starta opp i 1964 og gjekk 8 sesongar før det blei avslutta i 1972. Eg har aldri sett den serien, eller vore frista til det, for hekser eller ikkje, familiekomedie er og blir familiekomedie.

Denne filmen er ingen direkte remake av TV-serien, men handlar om ei nyinnspeling av TV-serien, og det faktum at dama som blir casta for rollen som Samantha i nyinnspelinga er ei heks på ekte. Det er ingen dokumentariske trekk over dette, så ikkje forvent anna enn rein og skjær Hollywood-komedie.

Will Ferrell leverar den typiske rolla si, og gjer faktisk ein god jobb. Det føles likevel malplassert mellom Nicole Kidman og Michael Caine og heile heksehistoria. For Nicole Kidman burde absolutt ikkje gjort denne filmen. Og Michael Caine i kloke farsrollar er eg mildt sagt ganske lei av etter kvart. Med små modifikasjonar har han spelt den same kjedelege mannen i «Batman Begins» og «The Weather Man».

Så alt i alt, filmen er dårleg, men Will Ferrell og Jason Schwartzman skulle fått gjort sin eigen film ut av desse personane dei spelar her.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
19-nov-2006
Comments Off
Comments Off

Første møte med wrestling

WWE Raw LogoInnimellom kan eg finne på sprø ting, som å fullføre <«The 'Star Wars' Holiday Special» eller «Biggles». Stort verre blir det ikkje, så galning kan eg ikkje karakteriserast som.

Å finne på å sjå wrestling var derimot ikkje min idé eine og åleine. Eg gjekk med på det som ei utfordring, og kanskje litt for å bevise at eg prøver å vere fordomsfri mot kva folk ser på som underholdning. Som utfordring tilbake til min gode venn, Mario, gav eg første sesong av «The Office», som eg faktisk ikkje ser på som ei særleg utfordring, for «The Office» er berre heilt konge!

Så nullstilt som eg kunne klare av tankar om wrestling som følge av tidlegare inntrykk frå her og der, satte eg meg ned med «WWE Raw», som skal vere det tøffaste av det tøffe, verkeleg A-klasse av wrestling. Opplegget er ei blanding av konfliktar mellom ulike skapte karakterar som wrestlarane spelar og slossing. Poenget med desse konfliktane er å skape ekstra overraskelsar for fansen av WWE, og skape eit liksom-grunnlag for slosskampen. Slossinga åleine er ikkje nok.

WWE RawSlossing er i grunn eit feil ord, i mine auger er dette meir skodespel enn noko anna. Til tider brutalt, men eg misser kjensla av noko ekte. Men så er det mest showet dette handlar om. Det heile startar med ein intro med ein klyppefrekvens som kan utløyse epilepsi hjå ein frisk person. Vidare er det klyppinga som gjer dette litt puslete under kampane og. Like før eit skikkeleg slag eller spark blir vinkelen forandra, og kamera surrar rundt omkring i eit forykande tempo med lyskastarar frå alle sider som støtte.

Nokre augneblikk her er litt underholdande, men til sjuande og sist kokar det heile ned i at dette er eit for langt program med veltrente kjemper som skal vere mest grusomme og harde. Det lykkast på det område. Utøvarane her ser ikkje heilt gode ut. Ein slags kort konklusjon er at eit slikt wrestlingshow er grei underholdning viss ein klarar å sjå bort i frå at det heile er eit tillaga show. Så første møte med wrestling blir og det siste.

 
ness
19-nov-2006
Comments Off
Comments Off

The 40 Year Old Virgin (2005)

User Rating: 7.4/10 (29,664 votes)

The 40 Year Old VirginDet har blitt mange gjensyn i helga, og denne filmen føyer seg i rekka, på datoen 11 månader etter forrige gong eg såg den.

Steve Carell er Andy Stizer, den rake motsetninga til «The Office» Michael Scott. Han er 40 år og har aldri hatt sex.

Under eit pokerlag får kollegaene hans vite dette og prøver deretter å sette han opp, før han møter Trish (Catherine Keener) og blir forelska.

Filmen er ein god komedie og er overlegen i forhold til både «Anchorman: The Legend of Ron Burgundy» og «Old School».

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10