Arkivet til des-2006

Beste film: 2006

Eg har laga ei liste der eg har prøvd å få med meg dei beste filmane for sin kategori som eg har sett i året som har gått. Nokre kategoriar var det svært mange gode å velje mellom, og då har eg prøvd å gi ein fordel til filmar som stod godt an også i [...]

Black Christmas (1974)

IMDb: 7.1/10 (2,491 votes)
«The Babysitter», «Stop Me», «Silent Night, Evil Night» og «Stranger in the House», alle er titlar denne filmen har hatt i enten produksjons- eller distribusjonsfasen. Men i ettertid har den fått behalde namnet «Black Christmas», som den opprinneleg var gitt då den var ferdigprodusert.
Kanadisk slasher satt rundt juletider i eit søsterskapshus: Ein [...]

En udødelig mann sesong 1

3 episodar.
Forstå meg rett, det er ikkje fleire sesongar av denne serien, men her gjeld ingen unntak frå systemet!
2006 har vore eit Ibsenår, ei markering på at det er 100 år sidan Noregs (kanskje) største forfattar gjennom tidene gjekk bort. I denne samanhengen har NRK Drama produsert ein serie som tek for seg dei første [...]

Flushed Away (2006)

IMDb: 6.9/10 (2,097 votes)
Nyaste innspelet frå Aardman Animations («Chicken Run», «Wallace & Gromit in The Curse of the Were-Rabbit») er ein fullverdig animert film, altså ikkje den tradisjonelle modelleire-varianten selskapet vanlegvis held seg til. Årsaka ligg ikkje i modernisering, det ville simpelt hen bli umogleg å modellere vatn til desse grader, eller bruke vanleg vatn [...]

Lange flate ballær (2006)

IMDb: 5.8/10 (241 votes)
I følge Filmguiden ligg «Lange flate ballær» an til å komme ut av 2006 med seirande besøkstal på kinofronten. Filmen fekk mykje oppstyr i media på grunn av alle kjendisane som dukka opp, blant anna Jose Mourinho og Ari Behn, og dette hjalp vel utvilsomt på den vanlege nordmannen, som blir fora [...]

Blood Diamond (2006)

IMDb: 7.7/10 (3,775 votes)
Det er ikkje vanskeleg å sjå kvifor denne filmen har fått sin plass blant Golden Globe nominasjonane med Leonardo DiCaprio for rollen sin i filmen. Den er basert på faktiske problem, føregår i Afrika og er brutalt skildra, med innslag av massakre og barnesoldatar. Det er ei god romantisk historie med, settingen [...]

Beste TV-serie: 2006

Nok av seriar å velje mellom, og endå fleire sesongar. Sidan arbeidet med å velje ut enkelte sesongar er for stort, blir denne lista via til heile seriar. Dei som eg ser som mest verdige til å forsvare tida framfor TV-apparatet i 2006.
1. Veronica Mars :
Den smarte jenta frå Neptune har blei gradvis TV-favoritten [...]

Flags of Our Fathers (2006)

IMDb: 7.4/10 (4,999 votes)
Dette var langt betre enn forventa. Eg er alltid skeptisk til film om andre verdskrig, men skauv desse følelsane så godt unna eg kunne før eg sat meg ned med den første av Clint Eastwood sine to krigsfilmar om hendingane på Iwo Jima. Og det lønna seg, for dette var saker.
Her er [...]

Spartacus (1960)

IMDb: 8.0/10 (23,794 votes)
Det skal ein sabla god film til for å begrunne 3 timar film. Diverre er ikkje «Spartacus» så sabla god, og filmen blir for lang. For mykje bruk av pausar og stillbilder utan særleg meining eller motiv er nok den største lasta, men like etter kjem rollefigurane med sine ‘Oh, I love [...]

Pettson och Findus 3: Tomtemaskinen (2005)

IMDb: 6.3/10 (22 votes)
«Gubben og katten» på nye eventyr. Katten ønsker seg besøk av nissen til jul, og Gubben må stå på for å finne opp ei nissemaskin så katten ikkje blir skuffa. Historia er ikkje grunn nok å sjå filmen, det er teikningar med eit godt detaljnivå og ei sprøheit som gjer dette til [...]

Ferris Bueller’s Day Off (1986)

IMDb: 7.8/10 (42,704 votes)
«Skulk med stil» blei den norske tittelen til denne komedien med Matthew Broderick i hovudrolla, og oppsummerar også filmen ganske effektivt. Det handlar altså om Ferris Bueller sin skulkedag, der han med rektoren frå skulen og søstra besatt på å avsløre han snor seg rundt, blant anna i ein raud Ferrari og [...]

Videodrome (1983)

IMDb: 7.1/10 (7,924 votes)
Mitt første fysiske møte med regissøren David Cronenberg. «Videodrome» er eit konsept som vil revolusjonere TV-verden. Der vanleg TV berre kan forandre deg psykisk, vil «Videodrome» kunne forandre deg fysisk.
For fysisk forandring er tingen med Cronenberg etter det eg har forstått, bortsett frå den siste filmen hans, «A History of Violence», som [...]

The Boston Strangler (1968)

IMDb: 7.0/10 (1,352 votes)
Det startar som ei vanleg kriminalhistorie. Fleire kvinner blir funne drept i Boston, alle saman kvelne i sin eigen heim, utan teikn til innbrot. Ettersom spreiinga på drapa er over fleire politidistrikt kan ikkje politiet etterforske på vanleg vis, og ei spesialgruppe med jusseksperten John S. Bottomly (Henry Fonda) i sjefsposisjon blir [...]

Hotaru no haka (1988)

IMDb: 8.1/10 (12,711 votes)
Ei tragisk forteljing om to barn som misser foreldra sine mot slutten av andre verdskrig på landsbygda i Japan. Uansett kor trist dette skulle vere så slo det ikkje heilt an her. Den er god på så mange måtar, men når aldri opp til mitt forrige møte med barn overlatne til seg [...]

Gandhi (1982)

IMDb: 8.1/10 (22,168 votes)
Før filmen: Etter å nyleg ha levert inn siste eksamen på formiddagen var det like som kunne øydelegge humøret, og eg bestemte meg for at det var eit perfekt tidspunkt å sjå «Gandhi» på. Ein så lang film kan ta motet frå mange, inkludert meg, og når saken har det seg at [...]

Escape from Alcatraz (1979)

IMDb: 7.4/10 (9,221 votes)
Historien om Frank Morris og brødrene John og Clarence Anglin som rømmer frå fengselsøya Alcatraz i 1960 er henta frå ei sakprosabok av J. Campbell Bruce og gjort om til denne fengselsfilmen med Clintern i hovudrolla som Morris. Mannen blir overflytta frå eit fengsel i Atlanta for forsøk på rømning, og tenker [...]

Magnum Force (1973)

IMDb: 6.8/10 (5,497 votes)
For ikkje mange dagane sidan gjekk det opp for meg at det fanst meir enn ein «Dirty Harry» film. For dei fleste andre med generelle filmkunnskapar så er ikkje dette noko nytt, men så er det altså i mitt tilfelle.
Med utgangspunkt i å allereie ha sett den første, satte eg meg i [...]

Forbidden Planet (1956)

IMDb: 7.7/10 (9,005 votes)
Det var noko så kjent med denne filmen, som om eg hadde sett den før. Men det tok ikkje så altfor lang tid etter romskipet var landa på den forbudte planet og mannskapet var komme i kontakt med Morbius før eg kom på at eg har fått servert desse skapninga før i [...]

Hannah and Her Sisters (1986)

IMDb: 7.7/10 (10,307 votes)
«America’s most unlikely hero» Woody Allen stod på programmet i dag og, mitt eige spontane filmprogram altså, med ein romantisk dramakomedie frå midten av 1980-talet. Filmen gir ingen overraskelsar i oppbygginga, og er eit hakk nærmare Hollywood enn det «Crimes and Misdemeanors» med sine twists er. Ikkje stygt meint altså, «Hannah and [...]

Mou gaan dou (2002)

IMDb: 8.0/10 (10,588 votes)
Tross at det berre var to månader sidan eg såg denne filmen, så måtte den sjåast igjen då den gjekk på NRK2 i dag. Det viste seg at filmen godt tålte eit gjensyn, og at eg denne gongen fekk med meg ein del meir av den som skjedde, både sidan det var [...]