Filmdagbok
ness
02-des-2006

Marie Antoinette (2006)

Marie AntoinetteUser Rating: 6.6/10 (4,688 votes)

Marie: This is ridiculous.
Comtesse de Noailles: This, madam, is Versailles.

Sofia Coppolas tredje film er eit kostymedrama satt til Versailles, Frankrike. Basert på livet til Marie Antoinette, dronning av Frankrike ved Louis den 16. side. Den skil seg litt i stilen frå andre kostymedrama med at den brukar populærmusikk frå vår tidsalder og uhøgtidleg dialog. Dette blir det som gjer at eg klarar å sjå filmen, for denne sjangeren har eg vanlegvis store problem med å følge, til og med ein film som «Casanova» blir for slitsom for meg.

Marie Antoinette har mykje ved seg som går an å like. Det einaste negative eg kjem på er tempoet og lengden på filmen, som blir litt for labert. Derimot er det nydeleg estetikk, i form av landskap og ikkje minst av eksteriør og interiør av Versailles. Kirsten Dunst er lett og ledig i rollen som Marie Antoinette sjølv, og er lett å godta her. Det kjem derimot meir fram at det er Coppola som gjer filmen enn det gjorde ved «Lost in Translation», som Bill Murray skal ha mykje av æren for.

Det har nok kanskje med at filmen ikkje heilt har sunke inn her endå, for eg har ikkje spesielt mykje meir å skrive. Den umiddelbare kjensla etter er at dette er ein god film på så mange område, men som krever tålmodigheit.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 

Stengt for kommentering.