Filmdagbok
ness
04-des-2006

American Pie 5: The Naked Mile (2006)

The Naked MileUser Rating: 5.7/10 (367 votes)

Den femte filmen under «American Pie» namnet er ute, og hevar inntrykket litt frå den forrige filmen, som var den første som kom rett på video. Om Universal har tenkt å fortsette franchisen som ei slags «National Lampoon» greie gjenstår å sjå, men kvaliteten er deretter.

«The Naked Mile» må vere ein av tidenes dekkoperasjonar for å vise naken hud på film. Og eg skal ikkje klage, for dette er ein film utan hemningar, som ikkje legg skjul på spesielt mykje. Historien er syltynn. Det er nok ein Stifler som blir lagt press på, denne gongen er det Eric Stifler, søskenbarnet til Steven Stifler frå «American Pie» 1, 2 og 3. Alt handlar om å misse jomfrudommen, og det under årets nakenløp, som i si tid blei starta av Mr. Levenstein (Jims far).

Det er ein rølpefilm utan like, og i tillegg til nakenheit er det gjørmeslossing med dvergar og ville festar som er tema. Ingen krav vart satte til filmen, og eg håpte i grunn berre den skulle vere betre enn den forrige, og når den var det, så var alt greitt nok.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
TMwtP har sagt:

Jims far? For oss som ikke har rukket å stifte bekjentskap med dette mesterverket av en filmserie, så er det noe uklart hvem dette er ut fra anmeldelsen. Ellers så må jeg si at du faktisk klarer å overraske meg gang etter gang mhp filmvalg.

ness har sagt:

Jim er den mest sentrale karakteren i dei tre første American Pie filmane. Så Mr. Levenstein er ein bi-figur som har blitt tatt med vidare for å gi eit inntrykk av at ein er i same ‘univers’.

Elles kan det vel nemnast at eg er (ev. var) American Pie fan og har sett nr 1 og 2 ein del gonger, og at eg har holdt med serien vidare tross kvalitetstapet..