Gandhi (1982)
User Rating: 8.1/10 (22,168 votes)
Før filmen:
Etter å nyleg ha levert inn siste eksamen på formiddagen var det like som kunne øydelegge humøret, og eg bestemte meg for at det var eit perfekt tidspunkt å sjå «Gandhi» på. Ein så lang film kan ta motet frå mange, inkludert meg, og når saken har det seg at eg mislikar Ben Kingsley av ein eller anna grunn som eg ikkje heilt veit, så bør ein ha eit godt utgangspunkt. Kvifor eg i heile tatt ser filmen spør du? Vel, den skal visstnok vere god.
Første halvdel:
Følelsen av at ikkje alle heilt passar inn i filmen snik seg rundt beina mine, og eg må slenge på eit par ekstra tjukke sokkar før den begynnar å gå seg varm. Historisk sett er det vel lite å utsette på Gandhi, men dialogføringa blir hakkete og høgtidleg, tross forsøket på å framstille Gandhi som ein jordnær person. Berre ei scene kjem verkeleg innpå meg, og den er ikkje Gandhi med i sjølv. Noko er det som gjer at eg ikkje blir lei, og det er for å finne ut meir av kva denne viktige historiske personen gjorde med livet sitt.
Intermission:
Ein pause høyrer med til ein så lang film, og når intermission dukka opp på skjermen etter 1.5t var det noko inni meg som sa at det var på tide å stikke på butikken og kjøpe ein sixpack boksøl og pizza. Den lange edruskapelege eksamensperiodens slutt fortenar jo absolutt å bli feira. Wooo!
Andre halvdel:
Fasting, fleire visdomsord og filmen følger i same spor som første halvdel. Sidan historien allereie er skrive, så byr ikkje filmen på dei største overraskelsane, men sig sakte i det langsomme tempoet sitt. Det eg saknar mest er ting som kan utløyse litt følelsar. Det er altså mangel på sentimentalitet som trekk filmen litt ned. No skal eg sei at eg også er glad for at filmen ikkje byr på for mykje sentimentalitet som ofte kan skje i andre biopics. Så mindre er forsåvidt akseptabelt.
Etter filmen:
Så var tiden inne for å følge opp med intermissions vareinnkjøp.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
