Filmdagbok
ness
27-des-2006

Blood Diamond (2006)

Blood DiamondUser Rating: 7.7/10 (3,775 votes)

Det er ikkje vanskeleg å sjå kvifor denne filmen har fått sin plass blant Golden Globe nominasjonane med Leonardo DiCaprio for rollen sin i filmen. Den er basert på faktiske problem, føregår i Afrika og er brutalt skildra, med innslag av massakre og barnesoldatar. Det er ei god romantisk historie med, settingen er nydeleg, og det er nok av action i tillegg til drama.

Men det er mest det alvorlege blikket mot diamanthandelen som får æra for at «Blood Diamond» fungerar som den gjer. At det er den typiske oppskrifta for Oscar bryr meg ikkje så mykje, for når ein film er god, så er det same kva regissøren har hatt i tankane - viss han i heile tatt har sikta mot ein Oscar.

Eg gir meg med dette sagt, ettersom filmen er god på ein måte eg ikkje heilt står god for å gjengi på ein fornutftig måte.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10