En udødelig mann sesong 1
3 episodar.
Forstå meg rett, det er ikkje fleire sesongar av denne serien, men her gjeld ingen unntak frå systemet!
2006 har vore eit Ibsenår, ei markering på at det er 100 år sidan Noregs (kanskje) største forfattar gjennom tidene gjekk bort. I denne samanhengen har NRK Drama produsert ein serie som tek for seg dei første leveåra til det moderne dramaets far. Frå 14-15 års alder og fram til han som 22 åring flytta til Christiania.
Dette skal visst vere ein av NRK Dramas høgare prisa seriar, og stiller med innleigde kostymer frå storebror i vest (England), HD-filming og asfaltutskifting. Filminga foregjekk forsåvidt over 72 dagar. Skildringa er den første som er gjort på livet til Henrik Ibsen, men blandar inn solide dosar oppdiktning ettersom det er lite stoff å finne om mannen sine tidlege leveår.
Sjeldan finn eg meg tålmodigheit til å følge ein norsk serie på TV, og tek eg ikkje feil er dette den første norske serien eg skriv om i bloggen. Men det er til gjengjeld ein solid norsk serie, og ikkje minst veldig interessant. Ein god grunn til å sette av tre kveldar på norsk rikskringskasting.
Sjølv om det er med eit knippe kjente ansikt som Sven Nordin, Kjersti Holmen og Bjørn Sundquist her, så vil eg gi æren til Anders Baasmo Christiansen, som for meg er eit kjent ansikt (andre kjenner han kanskje frå «Ran» og «Buddy») - som sammen med dei andre ukjente i framtrendande rollar klarar å skape eit miljø som eg ikkje umiddelbart tenker på som eit norsk kjendistelt.
