IMDb: 7.8/10 (42,704 votes)
«Skulk med stil» blei den norske tittelen til denne komedien med Matthew Broderick i hovudrolla, og oppsummerar også filmen ganske effektivt. Det handlar altså om Ferris Bueller sin skulkedag, der han med rektoren frå skulen og søstra besatt på å avsløre han snor seg rundt, blant anna i ein raud Ferrari og som den tysk-amerikanske manns- og kvinneforeninga hovudattraksjon (sjølvutnemnt!) i deira parade.
Det er fint å sjå ein uhøgtidleg komedie som ikkje spelar på å vere rølpete, men faktisk køyrer stil. Broderick er ingenting å utsette på som Ferris, og får godkjent på rett i kamera-snakkinga si. John Hughes viser også med denne filmen at han hadde komediekontroll på midten av 1980-talet, og eg set denne som ein god nummer to etter «The Breakfast Club».
8/10
IMDb: 7.1/10 (7,924 votes)
Mitt første fysiske møte med regissøren David Cronenberg. «Videodrome» er eit konsept som vil revolusjonere TV-verden. Der vanleg TV berre kan forandre deg psykisk, vil «Videodrome» kunne forandre deg fysisk.
For fysisk forandring er tingen med Cronenberg etter det eg har forstått, bortsett frå den siste filmen hans, «A History of Violence», som skil seg litt ut. I «Videodrome» har me Max (James Woods), ein TV-produsent på jakt etter noko nytt og dristig som kan trekke sjåarar til Kanal 83. I denne forbindelsen kjem han over eit nytt program som trekk han inn ein spesiell situasjon som omfattar kroppsleg forandring og hallusiasjonar.
«Videodrome» er ein film utanom det vanlege, både på ein fasinerande og forstyrrande måte. Likevel om den nok var meir aktuell i diskusjonen omkring vald og sex i videokassettens ungdom, så held den framleis stand, og gir både visuell og intelektuell foring. Eg merkar iallfall ei dragning mot meir fysiske forstyrrelsar og Cronenberg.
8/10
IMDb: 7.0/10 (1,352 votes)
Det startar som ei vanleg kriminalhistorie. Fleire kvinner blir funne drept i Boston, alle saman kvelne i sin eigen heim, utan teikn til innbrot. Ettersom spreiinga på drapa er over fleire politidistrikt kan ikkje politiet etterforske på vanleg vis, og ei spesialgruppe med jusseksperten John S. Bottomly (Henry Fonda) i sjefsposisjon blir danna.
Etterforskinga blir fulgt på vanleg vis, eller ikkje heilt vanleg i filmsamanheng. «The Boston Strangler» tek i bruk dokumentariske verkemiddel for å gjere det interessant og ekte. Den første timen viser flittig bruk av splitscreen av ymse slag for å vise kva som skjer samtidig, nesten som i «24». Innimellom dukkar også mordaren opp, og nye ofre blir krevd.
Så, cirka halvveges så forandrar filmen struktur. Spliscreenfrekvensen blir tona ned og filmen blir meir psykologisk thriller enn kriminaldrama. Og det til det betre. Det var her eg verkeleg fatta interesse for filmen. Sjølv om den er basert på ekte fakta er den svært så fiksjonalisert, og det kan vere greitt å vite om filmen at den legg til fleire element som ikkje har noko med den ekte historia om Albert «The Strangler» DeSalvo å gjere.
Men så er dette ein film, og det er ein god film som eg faktisk vil anbefale. Den er spennande, byr på enkelte uventa vendingar. Har ein del interessante fakta og generelle opplysningar om politiversemd, som eg håpar stemmer. Spliscreen-klippinga var effektiv, men også ein del av filmens svakheit, for det kan bli for mykje av det gode, og nokre av rutene blei så små at nærheita dei prøvde å oppnå med objekta sine forsvann i virrvarret.
7/10
IMDb: 8.1/10 (12,711 votes)
Ei tragisk forteljing om to barn som misser foreldra sine mot slutten av andre verdskrig på landsbygda i Japan. Uansett kor trist dette skulle vere så slo det ikkje heilt an her. Den er god på så mange måtar, men når aldri opp til mitt forrige møte med barn overlatne til seg sjølv, som også var i ein japansk film, «Dare mo shiranai».
Så, bra film, men den når ingen topplassering i verken Ghibli eller anime-samanheng. God framstilling av kor brutalt det kunne vere, men nokre lyspunkt for å gjere filmen vakker.
5/10
IMDb: 8.1/10 (22,168 votes)
Før filmen: Etter å nyleg ha levert inn siste eksamen på formiddagen var det like som kunne øydelegge humøret, og eg bestemte meg for at det var eit perfekt tidspunkt å sjå «Gandhi» på. Ein så lang film kan ta motet frå mange, inkludert meg, og når saken har det seg at eg mislikar Ben Kingsley av ein eller anna grunn som eg ikkje heilt veit, så bør ein ha eit godt utgangspunkt. Kvifor eg i heile tatt ser filmen spør du? Vel, den skal visstnok vere god.
Første halvdel: Følelsen av at ikkje alle heilt passar inn i filmen snik seg rundt beina mine, og eg må slenge på eit par ekstra tjukke sokkar før den begynnar å gå seg varm. Historisk sett er det vel lite å utsette på Gandhi, men dialogføringa blir hakkete og høgtidleg, tross forsøket på å framstille Gandhi som ein jordnær person. Berre ei scene kjem verkeleg innpå meg, og den er ikkje Gandhi med i sjølv. Noko er det som gjer at eg ikkje blir lei, og det er for å finne ut meir av kva denne viktige historiske personen gjorde med livet sitt.
Intermission: Ein pause høyrer med til ein så lang film, og når intermission dukka opp på skjermen etter 1.5t var det noko inni meg som sa at det var på tide å stikke på butikken og kjøpe ein sixpack boksøl og pizza. Den lange edruskapelege eksamensperiodens slutt fortenar jo absolutt å bli feira. Wooo!
Andre halvdel: Fasting, fleire visdomsord og filmen følger i same spor som første halvdel. Sidan historien allereie er skrive, så byr ikkje filmen på dei største overraskelsane, men sig sakte i det langsomme tempoet sitt. Det eg saknar mest er ting som kan utløyse litt følelsar. Det er altså mangel på sentimentalitet som trekk filmen litt ned. No skal eg sei at eg også er glad for at filmen ikkje byr på for mykje sentimentalitet som ofte kan skje i andre biopics. Så mindre er forsåvidt akseptabelt.
Etter filmen: Så var tiden inne for å følge opp med intermissions vareinnkjøp.
6/10
IMDb: 7.4/10 (9,221 votes)
Historien om Frank Morris og brødrene John og Clarence Anglin som rømmer frå fengselsøya Alcatraz i 1960 er henta frå ei sakprosabok av J. Campbell Bruce og gjort om til denne fengselsfilmen med Clintern i hovudrolla som Morris. Mannen blir overflytta frå eit fengsel i Atlanta for forsøk på rømning, og tenker å gjere eit nytt forsøk frå høgsikkertheitsfengselet på denne vesle øya lokalisert i San Francisco Bay.
Filmen er ganske så rett fram, den legg aldri skjul på kva som vil skje, noko som filmtittelen er det beste eksempelet på. Grunnen til at alt er så openbart er måten spenninga er bygd opp på. Når Morris jobbar med noko muffens i cella si og vakta nærmar seg, så er det god margin for han til og med når han er nærast ved å bli avslørt. Dette gjer filmen litt tam for meg som følgte med på første sesong av «Prison Break». På ei anna side er den kanskje meir realistisk, iallfall forestiller eg meg det at det ville vore enklare å rømt på denne måten i 1960 enn måten det blir gjort på i «Prison Break» i 2005. Det er vel like greitt å avslutte samanlikninga med dette.
Uansett er «Escape from Alcatraz» ein god film, likevel om kan finne ting som er betre med andre filmar så serverar denne nok spenning til at det er ein fornøyelse å sjå på. Lite dialog er ikkje så nøye, for det er i periodar med stillheit filmen er interessant. Og for ordens skuld, «Mythbusters» testa flåtemetoden som blir brukt i filmen, og den fekk godkjent.
7/10
IMDb: 6.8/10 (5,497 votes)
For ikkje mange dagane sidan gjekk det opp for meg at det fanst meir enn ein «Dirty Harry» film. For dei fleste andre med generelle filmkunnskapar så er ikkje dette noko nytt, men så er det altså i mitt tilfelle.
Med utgangspunkt i å allereie ha sett den første, satte eg meg i går kveld ned med oppfølgaren «Magnum Force». Eit drapspoliti er på ferde og henrettar dei kriminelle i byen på eiga hand. «Dirty» Harry Callahan blir kalla inn igjen i mordkommisjonen for å få has på gjerningsmannen, som dei i utgangspunktet ikkje veit er ein politimann, her er fordelen med å vere publikum for oss.
Triggerhappy politifilm frå 1970-talet er utan tvil festleg. Med stake-outs, biljakter og shoot-outs nærmare bakkenivå enn mykje som blir servert no til dags frå over dammen, blir det god spenning. Om originaliteten er litt mindre så gjer ikkje det noko, for poenget her er vel helst å få ein god actionfilm.
6/10
IMDb: 7.7/10 (9,005 votes)
Det var noko så kjent med denne filmen, som om eg hadde sett den før. Men det tok ikkje så altfor lang tid etter romskipet var landa på den forbudte planet og mannskapet var komme i kontakt med Morbius før eg kom på at eg har fått servert desse skapninga før i ei anna form, nemleg i Donald Pocket format.
Eg likar denne type sci-fi film. Spesielt settingen er tiltrekkande, dei flotte kulissene, kjekke kostyma og fråveret av dataanimasjon. No har då filmen spesialeffektar, men på langt nær i den grad som sci-fi ofte har i våre dagar. Og det trengs difor meir dialog for å fylle ut tiden. Historia i «Forbidden Planet» vil eg ikkje kalle fyll derimot, for det er verkeleg ein viktig del av filmen å få fortalt planetens historie.
Men, det er eit men. Militær autoritet er noko eg ser på med smale auger i utgangspunktet, det hjelper difor ikkje på at dei i filmen her oppfører seg på den dummaste og mest fordomsfulle måten eg har sett på lenge. Til tider irriterte dette meg så mykje at eg måtte banne, og det som redda filmen etter kvart var at .. vel, eg skal ikkje gi spoilers. Poenget er at filmen betra seg etter kvart, og eg sit igjen med eit rimeleg godt inntrykk.
7/10
IMDb: 7.7/10 (10,307 votes)
«America’s most unlikely hero» Woody Allen stod pÃ¥ programmet i dag og, mitt eige spontane filmprogram altsÃ¥, med ein romantisk dramakomedie frÃ¥ midten av 1980-talet. Filmen gir ingen overraskelsar i oppbygginga, og er eit hakk nærmare Hollywood enn det «Crimes and Misdemeanors» med sine twists er. Ikkje stygt meint altsÃ¥, «Hannah and Her Sisters» er ein god film. Den kviler nok meir pÃ¥ filosofiske spørsmÃ¥l, høgkultur og søken etter meining i livet enn den nemnte kriminalvendinga til«Crimes and Misdemeanors». Men det fÃ¥r vere med samanlinkinga.
Å komme utanom Woody Allen er det derimot ikkje mogleg å gjere, han dukkar som i fleirtalet av filmane sine opp i ei rolle, men ikkje hovudrolla, den har vel Michael Caine ære å vere i. Eg er ikkje så kjent med denne mannen fortid, men helst med dei siste filmane han har gjort. Og rollane hans der uttrykker eg ingen spesiell begeistring for. Her er mannen derimot velplassert i ei god rolle som den usikre (og utru) Elliot, gift med Hannah frå filmtittelen. For å gå vidare til nettopp filmtittelen, som klart seier i frå kva som bind filmen saman, så må eg sei eg er takknemleg for den rett-fram måten Allen gir oss samanhengen på. For når ein veit dette frå utgangspunktet tek ikkje oppnøystinga av trådar fokuset vekk frå alle diskusjonane, følelsane, litteraturen, osv.
Eg likte filmen. Tempoet sleit litt på tålmodigheiten i starten, og eg brukte litt tid på å sette meg tilbake og sette pris på filmen, som ikkje hadde den same dramatikken eg opplevde i «Crimes and Misdemeanors» (der kom eg tilbake til den likevel!). Den er derimot meir interessant på samtalar, og likevel om eg droppa ut på dei fleste namedroppingar, så kan eg like engasjementet.
7/10
IMDb: 8.0/10 (10,588 votes)
Tross at det berre var to månader sidan eg såg denne filmen, så måtte den sjåast igjen då den gjekk på NRK2 i dag. Det viste seg at filmen godt tålte eit gjensyn, og at eg denne gongen fekk med meg ein del meir av den som skjedde, både sidan det var andre gongen eg såg den og at det var teksta på norsk.
I forrige innlegg om filmen skreiv eg veldig lite om sjølve filmen. Men dette er altså ein politithriller, enkelt forklart, men med ein god del vriar. Det er snakk om spaning og forræderi på høgt nivå, og dei som har sett «The Departed» har vel kanskje god peiling på kva eg snakkar om, utan at eg kan sei eg har sett den filmen sjølv, likevel om eg hintar til det i forrige innlegg. «Mou gaan dou», eller «Infernal Affairs» som den og blir kalla, er ein film der spanaren i krimbanden er på jakt etter forrædaren i politiet, visa versa.
8/10