Fred Ut gav meg utfordringa til å liste opp 10 seriar eg meinar ein bør ha med seg før ein dør, og dette viste seg å vere ei vanskeleg oppgåve. Eg har i grunn sett ein del TV-serie, men mykje av det er ikkje noko eg meinar det er vits å presse på andre. Lista her blir altså annleis enn ei oppsummering av det eg har brukt mest tid på og gjerne kunne brukt meir tid på. Tolk meg ikkje feil, dette er ei solid liste likevel, og du vil ikkje angre på å sette deg ned med nokon av seriane.
Før lista, så vil eg sende stafettpinnen vidare til Jacob på De 7yv utvalgte.
10. Dead Like Me
Eg likar ironi og sarkasme som humoristiske verkemiddel, og når denne serien er full av dette, samt ei søt og veldig henslengt jente i hovudrolla, så er eg frelst. Mandy Patinkin føyer seg også med denne rolla inn som ein av dei kulast, respekterte og autoritære sjefane på TV. Opplegget er at denne jenta, spelt av Ellen Muth har fått i oppdrag etter sin død å snappe sjeler frå andre som skal dø.
9. Firefly
Sci-fi western, også med ein solid dose humor. Hugsar lite detaljane i serien, men den gjekk sabla fort unna, og eg reiv meg litt i håret når det gav seg så brått.
8. The O.C.
Mange har gjort narr av tenåringsdrama, men ingen av dei eg har snakka med som verkeleg har satt seg ned for å følge med på denne serien har sagt noko negativt. Det er hovudsakleg første sesong som er tingen, for å sette utviklinga etter den i perspektiv kan det jo nemnast at serien faktisk blir kansellert no snart (dei er ute i 4. sesong). I «The O.C.» er det smelta saman mange idear frå tidlegare dramaseriar, og i ei tettheit og så utbrodert at ein blir sittande non-stop.
7. Scrubs
Ein av favorittkomediane mine. Årsaka er den lette blandinga av barnsleg og slapstickaktig, velfungerande humor med enkelte dosar godt drama her og der. Dette gjer at serien får ørlite djubde, og det tek ikkje mange episodane før ein er godt inne i det fargerike persongalleriet - som også er utgangspunktet for at serien er morosam.
6. The Beatles Anthology
Eit avbrekk med ein dokumentarserie her, i skrivande stund er eg ikkje ferdig med alle episodane, men kan likevel skrive under på at dette er meir enn godt nok som musikkdokumentar. Er du berre litt glad i The Beatles kan dette gjere deg til ein ny fan, tør eg påstå. Det har iallfall hjulpe meg godt på veg, som tidlegare berre hadde kunnskap som strekte til eit par samleplater.
5. House
Hugh Laurie er Dr. House i Fox’ mykje populære sjukehusserie. Ein sjanger eg ikkje har det store forholdet til utanom dette, men sjølv om det er episode på episode basert på same type oppbygging, så er dette knallbra. Det meste kviler på skuldrene til hovudpersonen, som her er ein smart, smart djevel som hatar pasientane sine, men ser ut til å like jobben sin for det. Med djevel meinar eg at det er ein fyr du kanskje ikkje ville omgå deg med til dagleg, men som blir fin å følge når han plagar andre sjeler.
4. Rome
Delvis basert på sann historie, og mykje oppdikting. Me befinn oss i gamle Rom, med keisarar, gladiatorar og masse intrigar. HBO er ein kanal mange forbind med kvalitet, og når dei har fått med seg BBC i tillegg, så er det ingen tvil om at det kjem ut ein god serie av dette.
3. Veronica Mars
Heilt i starten var ikkje det noko spesielt med «Veronica Mars», men over eit par-tre sesongar har serien vokse og blitt ein av mine favorittar. Nok ein gong ligg mykje av grunnen i den svært så likandes hovudpersonen, spelt av Kristen Bell, som med ein far innan privatdetektivbransjen har blitt oppfostra på å finne ut av ting, dette tek ho med seg når ho støyter på små problem på skulen, og ikkje minst når det er snakk om dei store, innvikla sakene som strekker seg gjennom ein heil sesong.
2. Twin Peaks
Mitt første møte med «Twin Peaks» var i haust, og det slo skikkeleg godt an. No etter å ha sett halve sesong 2, så er dommen klar, ein solid plassering på mi beste-liste. Det som gjer dette så bra er mystikken, stemninga og den draumeaktige atmosfæren ein blir fortrylla inn i. Åleine kan vel ikkje dette beskrive serien, og eg har ikkje peiling på korleis eg skal beskrive meir enn det akkurat no. Såleis støttar eg meg på utsagnet at noko kan rett og slett ikkje forklarast, det berre er slik.
1. The Sopranos
Dette var kanskje den serien som gjorde meg oppmerksom på, og introduserte meg til, amerikanske tv-seriar. No hadde eg nok sjølvsagt sett litt her og der av amerikansk tv-serie før «The Sopranos», men aldri noko så innfløkt, godt produsert og interessant. I denne serien finn ein eit av dei breiaste og beste persongalleria på tv, som ikkje alle er profesjonelle skodespelarar, men som i ein New Jersey gangster-setting blir noko heilt eige. No har eg prøvd å få litt ut av alle seriane over på ei kort tid, og sit ikkje igjen med så mykje å skrive om førsteplassen. Men håpar i og for seg at nummeret talar for seg sjølv, og at alle veit kva denne serien har å by på.
(0 hittil)