Love Actually (2003)
User Rating: 7.8/10 (38,702 votes)
Ein likandes film som eg ikkje kunne la vere å ha eit gjensyn med når den dukka opp på NRK1 i kveld. Denne blei trekt ut som favoritten min av typen romantisk film for 2005, og har ikkje tapt seg eit gram no.
Her er det mange små, fine historiar som eigentleg har lite å gjere med kvarandre, og som alle tek for seg kjærleik på ein eller anna måte. Om det skal vere enkel flørting, ei djup forelsking, godt vennskap, forelsking bak ryggen på vennen… denne filmen har vel det meste. Og med eit utval av nokre av Storbritannia sine beste skodespelarar blir dette like mykje å sjå dei kose seg i rollane sine, som å sjølv nyte filmen.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Et must med denne filmen er å se slettede sener! Anbefales!