Children of Men (2006)
User Rating: 8.0/10 (11,032 votes)
Året er 2027, og menneskeheiten har stoppa å produsere barn. Årsaka er ikkje kjent, men det er 18 år sidan forrige barn blei fødd. Så dukkar håper opp i form av den gravide flyktningen Kee (Claire-Hope Ashitey). Hovudrolleinnhavar Clive Owen, her kjent som Theo, blir reisefølge og beskyttar ovenfor den gravide.
Det er ei brutal framtid som blir skildra, der det reine engelske samfunnet blir dyrka, og alle innvandrarar blir drive vekk igjen av massive politistyrkar. For dei som har spelt «Half Life» er den same stemninga å finne her, der er eit skitent og forfallande bybilde som møter oss med ein gong me bevegar oss utanfor den reine delen av London. Servert til oss på ein måte som gjer eit sterkt inntrykk.
Eg kan med handa på hjarte sei at dette var ein film som gjekk inn over meg, ikkje berre er den gravide kvinna eit av dei viktigaste “objekta” for å redde verden eg har sett på film, i og med at ho er levande og kanskje svaret på framtidig liv. «Children of Men» klarar å halde spenningskurva oppe heile vegen utan å bli slitsom, den overraskar stadig vekk. Og brukar ikkje minst filmmusikk på ein sterk måte - nokon vil nok finne det litt overdrive, men det er jo sjølvsagt tull.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Enig med deg, Asbjørn! Var og så den på kino her om dagen, og jeg må innrømme at jeg fikk mye å tenke på da jeg gikk ut av salen. Skremmende film, i grunn…
Fru Ut