Shi gan (2006)
User Rating: 7.3/10 (497 votes)
Jepp, det er «Time» det er snakk om. Ein film som tvers over ha fått skryt og har hamna på mange topplister.
Årsaka til at eg såg denne i kveld var først og fremst at den passa perfekt i lengde, og den kom også naturleg inn i ein meir asiatisk filmperiode eg nesten litt tilfeldig er inne i. Også sjølvsagt på grunn av nemnte listeplasseringar. Utan dei så hadde eg nok aldri sett denne filmen. Alle viktige faktorar som har ført til at eg no er i eit gladtrist humør. Glad fordi filmen er god og ektefølt, trist fordi filmen er ei litt tragisk historie.
Dei fleste veit nok at denne filmen handlar om skjønnheitsoperasjon, om eg tør gi det eit slikt namn, for målet er jo å sjå vakrare ut. Eg skal ikkje nekte for at dama i filmen her blei ganske så pen, men i mange tilfeller ser slike operasjonar ut til å gi kunstige dokkeaktig preg. Nok om det. Det er Seh-hee og Ji-woo det handlar om her, førstnemnte er dama som bestemmer for å forandre på seg, og den andre personen er kjærasten som Seh-hee si forsvinning og påfunn går ut over. Litt trist er nok dette, men det fører også til ein del komiske situasjonar, filmen manglar nok ikkje på lyspunkt.
Å røpe meir av plotet blir vrient utan å øydelegge filmopplevelsen, sjølv om det ikkje byr på dei store overraskelsane her så er det greitt å finne ut av ting på eiga hand. Men forvent ein veldig god film, for det er i bunn og grunn det dette innlegget dreiar seg om.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Nesten like bra som 3-Iron.