Bin-jip (2004)
User Rating: 7.8/10 (6,102 votes)
Ki-duk Kim, mannen som også laga «Time» som eg såg forrige veke, er eit funn. I denne filmen som er eit par år eldre enn «Time», og har fått den internasjonale tittelen «3-Iron», blir me kjent med ein ung mann som bur ei natt her og ei natt der i tomme/bortreiste hus («Bin-jip» betyr direkte oversatt tomme hus).
«Bin-jip» er oppbygd på ein så elegant måte at Ki-du Kim har unngått å gi dei to hovudpersonane dialog. I nokre tilfeller kunne dette ført til ei langdryg og tam opplevelse, men her kjem all tale og kjensler fram i blikk og veremåte. Som ein viss gløymt person sa: “Amerikanarar må alltid snakke om kjenslene sine!” Det må iallfall ikkje den søte Sun-hwa og den stille, sterke (!?) John Wayne-aktige Tae-suk (sitat Tony Soprano: «… strong, silent type»). Men du verden kor likandes karakterar dei er, og Ki-duk Kim er ein meister på å skape nydelege, litt problematisk, kjærleiksforhold. Iallfall i dei to filmane eg har sett.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

En fantastisk film! Den beste jeg så i 2005, og muligens en av de beste noensinne. Tåler også flere gjensyn. Du begynner å få smaken på Kim Ki-duk skjønner jeg? Du har nå sett to av de beste i mine øyne. Resten av filmografien bør du kanskje forberede deg litt på (om du har tenkt å se resten da).
gbang: Har høyrt resten er litt tyngre eller kva eg no skal kalle det. Så er litt usikker på om eg skal begi meg vidare ut på dei endå. Såg Time og denne først og fremst fordi både Tor Andre og andre har nemnt at dei er av dei mest tilgjengelege.
Elles kan det kanskje merkast at eg har sett litt meir asiatisk enn vanleg etter nyttår, og har fortsatt godbitar som Once Upon a Time trilogien (sett før), Hero og House of Flying Daggers (også sett begge før), samt Sympathy for Mr. Vengeance liggande.. ajaj!
Kim ki duk er etter min mening en av asias to beste regiører akkurat nå/de ti siste årene
jokke: Og den andre, kven er det?