Filmdagbok
ness
16-jan-2007

Rocky Balboa (2006)

Rocky BalboaUser Rating: 7.7/10 (15,413 votes)

Sylvester Stallone om forrige Rockyfilm («V»): I wanted to finish the series on a high and emotional note and Rocky V didn’t do that.

Og langt om lenge kom altså eit nytt og betre avsluttande kapittel på filmserien om legenda Rocky “The Italian Stallion” Balboa. Mannen drar på åra, har starta ein koseleg liten restaurant og følger ser ut til å følge ei rimeleg fast rutine. Ikkje spesielt givande, noko han sjølv har merka etter kvart, og det synst litt i væremåten. Men blid og hyggeleg som han er, så går det ikkje ut over noko.

Så ein dag blussar gløden opp igjen, og han føler for å få ny bokselisens, kanskje bokse litt i ein lokal liga og på den måten gjere noko han verkeleg brenn for. Oppi dette kjem ei moglegheit om å få møte notidas “champ”.

Filmen tok meg litt på senga. Forventingane var låge. Det er jo grenser for kva ein kan få ut av ein seksar i rekka, og likevel gjere ære på Rocky-namnet. Men det er ein hyggeleg film, sett at ein finn seg til rette i den sentimentale tonen den bygger grunnmuren sin på. Forkunnskap skadar heller ikkje, men sjølv om eg utelukkande har sett «IV», så er det enkelt å forstå kva det heile baserar seg på.

Sylvester Stallone har ikkje skapt noko nytt med Rocky Balboa, men han har klart å få det beste ut av det heile. Som gamlingen han spelar er han perfekt; ekte på så mange måtar. Innimellom slår han til med eit par skikkeleg flaue vitsar, som slettes ikkje er meint å vere gode, men som så godt bygg under at han er pensjonert boksar og litt tullerusk blitt. Sprø er det derimot som fører han til ein av dei mest nervepirrande boksekampane eg har sett på film.

Rocky Whazzup Dog

No har eg vel rørt ved ein liten brøkdel av dei tankane eg gjorde meg undervegs, men det held. For i ei så aldri lita oppsummering kan Rocky Balboa beskrivast slik: I eit sportsdrama der den blankpolerte road-to-glory historia er erstatta med eit grovt og sentimentalt søken på meining med tilværelsen glitrar Stallone til både bak og framfor kamera med jordnær dialog, ein gladtrist undertone og ei knankandes avslutning.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
Arinbjørn har sagt:

Eg såg filmen på premieredagen i oslo. I ein stappfull sal vart vi haldne på pinebenken medan Steffen Tangstad stutra frampå om kva han meinte om dei forrige Rockyfilmane og to jenteboksarar frå Oslo Boksklubb “underholdt” i bakgrunnen.

Eg likte filmen. Den er er ikkje betre enn einaren, det var heller ikkje forventa, men eg var godt nøgd (tok meg sjølv i å klemme dama i handa og mumle “kom deg opp, Rocky, kom deg opp!”

Eller skal det nevnast at Rocky i Rocky V fikk eit ein fulltreffar i hovudet og pådrog seg ein hjerneskade, som visstnok kunne føre til at eit slag til mot hovudet hans kunne føre til permanent hjerneskade.

Men Rocky vart tydelegvis ikkje hemmis, og det er godt han no har fadea inn i filmhistoria.