Husbands and Wives (1992)
User Rating: 7.3/10 (5,039 votes)
Fordelen med å sjå ein film av Woody Allen har blitt med at det lev opp til forventingane mine om korleis filmen vil bli. Mannen er ein av dei som i svært mange av filmane sine gir eit tydeleg preg av at det er nettopp hans film, og naturlegvis spesielt i dei filmane han sjølv har ei rolle - som denne.
Det var med ei anbefaling etter å ha sett «Manhattan Murder Mystery» eg fann ut at dette skulle bli den neste i rekka. På lik linje med mordmysteriet som kom eit år seinare, er dette ein dramakomedie i New York stil - satt til Manhattan. Men elementa av kriminalitet er bytt ut med ekteskapsproblem, servert på ein dokumentarprega måte.
Med dokumentarpreg legg eg vekt på den bevisste klyppinga Allen har tillete; det er nesten som å sjå på Dagsrevyen, der dei har teke vekk pausar og svada og sit igjen med det viktige, og ein del brå ansiktsbevegelsar og rørsler på grunn av klyppinga. Eit meir viktig poeng er intervjustilen filmen køyrer, og i form av ei forteljarstemme får ein inntrykk av at det er ein ung og fersk person bak ideen om å lage ein dokumentar som omhandlar hovudsakleg to ekteskap.
Første ekteskapet med møter er The Roths, spelt av Woody Allen og Mia Farrow. Dei har vore gift i 10 år og har det rimeleg bra. Så kjem Sally og Jack inn døra til leiligheita me befinn oss i, og annonserar overraskande at dei skal separerast. Dei er gode venner av The Roths og spelt av henholdsvis Judy Davis og Sydney Pollack, og har vore gift i rundt 20 år.
Dette er hendinga som utløyser ei fram-og-tilbake historie om jakta etter romanse, usikkerheit, ny tiltrekking, og sjølvsagt diskusjonar på eit høgt intellektuelt nivå. Eg må også vedkjenne at eg blei litt satt ut i tyngste diskusjonane, og trekk ut i frå dette at «Husbands and Wives» er ein av dei smartare filmane til Allen eg har sett siste tida. Utan å sei at dette trakk nemneverdig ned på filmen, så kan eg også vedkjenne at «Manhattan Murder Mystery» fall meir i mitt humoristiske spann eller noko i den dur, sjølv om begge er absolutt gode filmar og litt for forskjellige til å bli samanlikna direkte.

Så alt i alt, ein god film. Litt meir alvor enn eg er van med frå denne kortvokste filmskaparane, men eg likte forandringa og fekk ein god del nye idear ut av denne mannen. Trur også filmen kan tåle eit gjensyn med tida, for her blir det sagt meir på 108 minutt enn eg klarar å fordøye på ein dag.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
