TV samlepost #15
I Pity The Fool
Kanskje Mr. T si mest kjente frase, i tillegg til «jibba jabba», har blitt tittelen for det som best kan beskrivast som eit realityprogram. Med oppstart hausten 2006 har det hittil blitt laga 6 episodar, av dei har eg sett tre stykk: «Motivation», «Unity» og «Respect». I rolla som ein slags Dr. Phil ute i felten hjelper Mr. T folk i bedrifter, institusjonar og familiar med ulike problem. Med ein solid dose humor i form av svært overdrevne situasjonar, og sjølvsagt i form av Mr. T som person blir dette noko av det lågkvalitetsreality eg har sett.
Twin Peaks sesong 2 del 1
Eit fullstendig innlegg på denne sesongen kjem ikkje før ut i april ein gong, men her er ein midlertidig refleksjon på første halvdel av sesongen. For sidan det har seg at sesongen blir utgitt i to omgongar, så har det no berre gått an å sjå dei 11 første episodane. Ein grei måte å ordne det på i grunn, slik at det ikkje blir for mykje på ein gong. To dagar før den eigentleg utgivelsesdatoen er eg altså ferdig med DVD-boksen, takka vere PlayX sin tidlege utsending. «Twin Peaks» forset med det mystiske i ein draumeliknande setting, og det er med glede eg kan sei at eg likssom forsvann litt inn i serien etter kvart, og med små rykk merka at eg hadde gløymt alt rundt meg.
Ugly Betty
Ein amerikansk versjon av ein columbiansk idé fekk prøve seg på skjermen her. Me snakkar om 11 episodar med folkeleg, jordnær komedie. Serien vil fortsette med fleire, det er ikkje snakk om ein slutt, men eg tenker å gi meg her. Eg føler eg har fått akkurat nok og at serien vidare vil repere seg sjølv med små endringar utover. Ikkje verdens undergong med tanke på at oppskrifta er god, og i havet blant dramaseriar er det kjekt å finne ei sopass seriøst, og likevel uhøgtidleg lita øy.

Imponerende at du har sett 11 episoder av Twin Peaks på knappe to dager, spesielt siden du ikke har vært hjemme hele tiden. Gleder meg til å se den igjen, men kommer nok til å trekke det ut over lengre tid.
Målet mitt var å sjå alt i løpet av søndagen, eit urealistisk mål i grunn. Klokka 15 måtte eg komme meg ut ein tur!
Greia er at Twin Peaks er så bra at eg ikkje hadde klart å brukt tid på lesesalen, utan å utålmodig trippa med beina etter å springe tilbake til hybelen og sjå meir! :)