Filmdagbok
ness
31-jan-2007

La Science des rêves (2006)

The Science of SleepUser Rating: 7.8/10 (4,763 votes)

Michel Gondry står bak denne filmen som også er kjent som «The Science of Sleep», og er ei vanskeleg kjærleikshistorie som hoppar saumlaust frå realisme til surrealisme. Det høyres kanskje forvirrande ut, men flyten her er god.

Stéphane (Gael García Bernal) er mannen med dei rare draumane som utgjer den surrealistiske sida av filmen. Dei er ikkje alltid lett å skilje frå det som tilsynelatande skal vere ekte, for Stéphane oppfører seg litt annleis enn det folk vanlegvis gjer i andre sitt selskap. Noko som går igjen i dei tydlegaste skildra fantasiane er frysningsanimerte figurar av alt frå dorullar til tøy fyllt med mekanikk. Vanskeleg å skildre, så her er eit bilde frå ein av desse sekvensane, rett nok ikkje frysningsanimert dette då.

Science of Sleep

Dei som har sett «Eternal Sunshine of the Spotless Mind» kan forstå dette som ein film der Michel Gondry har fått lov til å utfolde seg i mykje større grad på det kunstnariske, utan at det går ut over underholdninga. Filmen er ikkje tung å fordøye, den er også både lys og koseleg. Sjølv synst eg den var tvers i gjennom ei god blanding av trist drama og god humor, og den har fleire scener som rett ut var hysterisk morosamme. Det er alltid positivt når ein kjem over ein film som kan vere det.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10