Little Children (2006)
User Rating: 7.9/10 (2,611 votes)
Todd Field er kanskje ikkje det mest gjenkjente namnet omkring. Sjølv hadde eg problem med å plassere fyren før eg såg bilde av han tilknytta rollen som Nick Nightingale i «Eyes Wide Shut». Men det var altså over 7 år sidan, etter den tid har mannen fokusert mest på å skape film framfor å spele i, og i 2001 kom den første langfilmen hans; «In the Bedroom». Og med «Little Children» som hans andre langfilm i regissørstolen har han starta å håve inn med prisar og nominasjonar for arbeidet sitt.
«Little Children» består av to større storylines, ei om eit nytt og veksande vennskap mellom Sarah (Kate Winslet) og Brad (Patrick Wilson), og ei om den nyutsleppte pedofilistraffa Ronnie (Jackie Earle Haley). Desse bur ikkje så langt unna kvarandre, og det blir via lokale knutepunkt at personane har mest å seie for kvarandre. Kjærleiksshistoria og pedofiliproblematikken føles som to separate filmar, og det blir nettopp det som plagar meg med filmen. Den har potensiale til å gjere så mykje meir ut av kvar del, men blir i lag litt for grunn, sjølv med sine drøye 2 timar og 10 minutt. No seier eg ikkje at dette er ein dårleg film, for den er inne i historiane nok til at eg får ein ide om tankane til personane som er med. Her hjelper dessutan forteljarstemma til.
For noko av det første som fekk meg til å heve augnebryna var at filmen har ei solid forteljarstemme, som ikkje har noko med personane i filmen å gjere, men likevel veit alt. Akkurat som i ei bok blir ein geleida gjennom «Little Children» på ein måte som det sjeldan blir gjort på storfilm. Litt humor ligg det også i denne stemma, som til tider er på grensa til å vere frekk, og andre plassar sper på med store høgtidlege ord til enkle situasjonar.
Men det som gjer mest inntrykk med filmen er historia rundt den pedofile, som blir hengt ut og hetsa av nærast alle utanom si eiga mor. Litt for lite fokus på denne delen av filmen i grunn, og det som blir vist legg nok litt for mykje vekt på å gi mannen sympati. Naturleg med tanke på at han ikkje kan noko for det han er, men ubehageleg fordi ein så gjerne vil holde mannen så mykje på avstand som mogleg.

Så alt i alt ein grei film, men for lang, litt for mykje småskraping på overflata og ei småkjedeleg vending. Det som trekk opp er ei finfin forteljarstemme, gode rolleprestasjonar, eit evigaktuelt tema gjennomført på ein akseptabel måte. Sett på det med snille auger kunne eg putta dette i båsen med dei gode filmane. Men eg vel å vere litt streng denne gongen, for det manglar for mykje her til å gjere meg verkeleg involvert. For mange ting blir rett og slett teke for gitt.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Fredag 12. januar besøkte Trond-Viggo Torgersen Studentersamfundet i Trondheim, og underteikna hadde kjøpt billett og fekk ein god plass midt i forsamlinga. Det heile var lagt opp som ein spørjetime (eller to), der publikum fekk sjanse til å spørje Trond-Viggo og gjesten Linn Skåber om absolutt alt. Reint bortsett frå at dei som turte å opne kjeften for ei så stor forsamling kom med svake spørsmål, så var det veldig morosamt. Trond-Viggo drog sjølvsagt i gong eit par gode, gamle songar og. Men det eg eigentleg skulle fram til, var at eg har sett gjennom den 2 timar lange DVDen «Det morsomste fra Trond-Viggo». Den hadde få lyspunkt, og er mest prega av høg repetisjonsfaktor og humor som slettes ikkje er min eller min generasjon sin smak.
… er tilbake med episode 9 av første sesong som tok pause tilbake i slutten av august. I denne episoden dukkar Kurtwood Smith opp i ei god gjesterolle som ein alzheimerramma eks-politibetjent som meinar han har funne svaret på ei mordgåte, men sjølvsagt ikkje hugsar. «Psych» fortset i det gode sporet som før, og det merkast ingen kvalitetsforskjell. Velkommen tilbake!
For å fylle siste del av dette innlegget blir det mimring med Ole, Dole, Doffen og Donald frå Disney Channels «Quack Pack». Ein morosam serie med tanke på alle b-film elementa som blir brukt. Dei to beste episodane eg har fått med meg nyleg når eg har hatt litt god tid på morgonen før forelesing og slikt, omhandlar ein ond doktor, stasjonert i eit hemmeleg laboratiorium under bakken, viss plan er å grille jordoverflata ved å sende ut ein rakett med eit gigantisk forstørringsglas. I den andre episoden blir Andeby herja av eit stort, 10-etasjars høgt slimete monster, som oppstod når eit lyn slo ned i Ole, Dole og Doffens imaginære tasty paste fabrikk - ei slags grøn avhengigheitsskapande grautmasse.








(2 hittil)