Filmdagbok
ness
09-feb-2007

Riding the Bullet (2004)

Riding the BulletUser Rating: 5.1/10 (1,741 votes)

Noko eg har funne ut over åra er at ein aldri skal forvente for mykje av ein Stephen King adapsjon. Unntak finst det alltid, men den gjennomsnittlege filmatiseringa ligg på eit moderat nivå er mi erfaring. I det legg eg og at dei filmane eg har sett heller ikkje har vore dei dårlegaste.

«Riding the Bullet» passar perfekt inn i den nemnte kategorien, og at eg faktisk gjekk så langt som å kjøpe filmen fortenar kanskje ei forklaring. Det var første dag i Trondheim igjen etter nyttår og eg var på ICA Maxi for opphamstring mens eg endå hadde moglegheita til å få køyrt varene til hybelen, og slikt utløyser ofte ei ekstra kjøpeglede, som og gjorde sitt når eg gjekk forbi DVD-stativet. Ein Stephen King film var ei slags forsikring blant altfor mange ukjente filmar, og eit par positive unntak eg allereie hadde sett.

Innstilt på ein middels film gjorde «Riding the Bullet» nytten i fredagsmørket. Eit par små overraskingar på skodespelarfronten i starten gav akkurat nok glede til at filmen ikkje hamna i grøfta med ein gong. Med meir drama og mindre handlingsutvikling enn godt er blei det i overkant av kjedeleg. Skrekkelementa er meint å komme fram i form protagonisten Alan (Jonathan Jackson) sine dagdraumer, men desse enda berre opp med å bli forvirrande etter kvart. Litt nerve får ein, men stort sett er det forutsigbar oppbygging mot eit lite “kvepp”.

I augneblikk som desse er det eg finn vurderingsskalaen min ufullstendig, for den er jo berre ei rett linje frå 1 til 5 i bunn og grunn, men å vurdere denne filmen krever å sjå saka frå fleire sider. Med tanke på forventingane, eller manglane på dei, hellar filmen mot midten. I forhold til mykje anna eg har sett og vurdert vil den hamne under midten. No føler eg meg gavmild, og filmen gjorde meg på ingen måte i dårleg humør, så eg hellar mot at filmen forsvarte forventingane.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 

Stengt for kommentering.