Riget sesong 1
4 episodar.
Og plutseleg var ikkje Lars von Trier djevelen lengre. Han har vel kanskje aldri vore det heller, men eg har uansett ikkje likt fyren på grunn av dei dogmefilmane hans, som gjer meg ille til mote berre ved å tenke på dei. Eg står over ei djupare forklaring for ikkje å la det gå ut over poenga mine med «Riget».
For å byrje med det tekniske her, så er det nok ein del eksperimentelle forsøk ute å går i «Riget» og, med handhelde kamera og naturleg lys (ev. naturleg mørke). Fargane har tvers over eit raudaktig skjer som er med på å skape ei stemning som står til historia om det overnaturlege som skjer på det danske Rikshospitalet. Dette er ein serie om spøkelse og anna mystikk på ei av sjukehuset sine avdelingar, der me møter ei blanding av komiske danske legar samt ein misantropisk, arrogant, sjølvsentrert svensk kirurg - likandes person forresten!
Fire eintimars episodar gjer at serien enkelt passar inn når som helst utan å skape anarkistiske tilstandar med tanke på studiar, viss ein då trekk frå dei fire neste episodane i det som eg har valt å kalle for andre sesong, framfor å bruke «Riget II» her i Filmdagboka. Meir om den kjem etter kvart. Det er altså klart at desse første fire har gitt meirsmak og absolutt er gledeleg underhaldning både som humor og som mystikk og skrekk.

Lars Von Trier er EN jævel, men han har aldri vært DEN jævelen. Nå har han laget buskiskomedie, og skal i gang med en skrekkfilm. Tipper han trenger penger.