Filmdagbok
ness
11-feb-2007

Volver (2006)

VolverUser Rating: 7.8/10 (8,772 votes)

Pedro Almodóvar, mannen bak fleire kritikarroste og publikumslikte filmar som eg sjølv ikkje har sett, har samla ei lita gruppe spansktalande kvinner som inkluderar Penélope Cruz og nokre andre gode, men for meg ukjente, skodespelarinner. Desse spelar mor, dotter, søsken, eller enkelt sagt ein familie som ser ut til å gå gjennom nokon harde tider.

Greia med at situasjonen deira ikkje var den enklaste fekk eg ikkje heilt grepet på, men eg synst heller dette var ein nydeleg film med god stemning, litt alvorleg her og der, som alt i alt gjorde meg i godt humør. Humor har den og. Sjølv om den var på hengande håret til å få aktivert tårekanalen ei stund der, så var den meir fin enn trist.

Det skal ikkje nektast at Penélope Cruz er på noko av sitt penaste på film i «Volver», sjølv om det er rollemessig ho gjer det sterkt. Historia bak filmen skal ha det til at Pedro Almodóvar opprinneleg planlagte å ha Cruz i rolla som dottera til den karakteren ho spelar i filmen, som vil sei at filmen nok har vore under planlegging lenge. Og det kan stemme med kjensla det gir av å sjå filmen, den virkar godt gjennomført på planstadiet. Ingen ting virkar å vere hasta.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10