Riget sesong 2
4 episodar.
I løpet av dei fire episodane i del 2 av denne danske miniserien blir me drege djupare inn i dei rare omstendigheitane på det danske Rikshospitalet.
På kalendaren var det 3 år mellom siste episode i første «Riget» og første episode i andre. Men på skjermen har det gått knappe 2 veker sidan me sa farvel med den tidvis uorganiserte avdelinga på sjukehuset. Tråden blir plukka opp og handlingsforløpet fortset frå første del, og når eg ikkje skal røpe noko av det som har skjedd der, så blir det vanskeleg å utdjupe spesielt mykje. Noko som det ikkje er tvil om er at historia tek hardare steg inn på det okkulte.
Eg har vel blitt litt småfrelst, og kjenner meir engasjement i dette enn berre å tenke på det som reint tidsfordriv. Her blir det gitt for litt innsikt i overtru, djeveldyrkelse og spøkelser, i eit miljø satt til eit bygg som også byr på ypperste høgteknologi. Viss det derimot er i tvil om at også har blitt underhalde, så kan eg trygt sei at det nok var humoren og mystikken som førstog fremst trakk meg inn i serien etter første episode. Og eit par solide anbefalingar av andre nettskribentar om film.
