Tenacious D: The Pick of Destiny (2006)
User Rating: 6.9/10 (3,274 votes)
Tenacious D har ei langt historie, som strekk seg tilbake til første halvdel av 1990-talet. Seriøst populære blei dei ikkje før tv-serien «Tenacious D» kom på HBO i 1997, og etter kvart slo skikkeleg gjennom når dei lanserte debutalbumet i 2001.
Med bakgrunn i fiksjonifisert bandhistorie er det filmen tek utgongspunkt i at Jack Black og Kyle Gass møtes, for så å forme gruppa med det klingande namnet Tenacious D. Dei som har sett tv-serien kjenner igjen fleire element i filmen, som kanskje vil virke litt lite gjennomført med tanke på nye publikumarar. Eg tenker først og fremst på karakteren Lee. No er eg ein av dei som har sett serien, og synst filmen mest tek dei gode gamle ideane og pussar det opp til eit meir mainstreamaktig syn. Den tilfører likevel nok nytt til at eg synst den rockar godt, og fall i smak her.
Jakta på eit gitarplekter som visstnok skal gi utanomjordiske speleferdiger er den raude tråden, men det handlar nok mest om forholdet mellom J.B. og K.G. når alt kjem til alt. God film, tross at det for det meste er repetisjon av gammal materiale.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
