Filmdagbok
ness
17-feb-2007

TV samlepost #16

Lite aktivitet på sida her i det siste har ført til at eg har skrive eit innlegg om ymse tv-seriar, ettersom det nok blir eit par dagar til eg kjem med eit filminnlegg. Greia er at bortsett frå innleiande serie, så er det tankar omkring seriar som eg held på med som vil ta plass her. Årsaka ligg i at det har blitt lite nytt på tv-fronten i det siste.

The Sarah Silverman Program

Sarah Silverman programJesus er magisk, det er ikkje den nyleg oppstarta komiserien til Sarah Silverman. Ord på forumet til Yay Hooray lyder som at ho prøver for hardt. Eg synst ho prøver for litt for lite å vere morosam, i form av at ho har bomma på det som skal til i ein komiserie. No er ikkje «The Sarah Silverman Program» reinvaska for gode innslag, noko dukkar det opp her og der. På spørsmålet om det er verdt å følge med på i lengden vil eg sei nei. For meg var to episodar nok.

Top Gear

Top GearJeremy Clarkson, James May og Richard er i gong igjen med bilprogrammet sitt for 9. gong. Det var jo ein periode utvisst omkring situasjonen til etter eit solid krasj, men alt ser ut til å vere ved sitt gamle igjen no. Dette betyr sjølvsagt at det blir levert kvalitet frå øverste hylle. Som i tredje program, då mennene kjøper seg billeg bruktbil i Florida ($1000) og legg ut på road trip til New Orleans, med sprø utfordringar på vegen som å køyre gjennom Alabama med påmåla slagord som “Nascar sucks” og “Hillary Clinton for president”.

Smallville

SmallvilleEg hadde pause med kryponittpåverka problemskaparar inntil nyleg, som betydde seks episodar i strekk. Årsaka var den at serien dabba litt av i byrjinga av sesongen, og eg måtte få ein solid samla dose for å få ny giv. Det skadar ikkje at episode 10 til og med 15 var gode heller i «Smallville-samanheng. Den svært så etterlengta kontroversen mellom Clark Kent og Lex Luthor har forma seg bra no, etter mange sesongar med gradvis forverring av vennskapet. For dei som ikkje har sett serien: den tek altså ein anna vri enn teikneserie og film. Mørke tider i slike seriar er alltid bra!

 
Jannicke har sagt:

Jeg elsker Top Gear dyrt og hellig, spesielt USA episoden var hysterisk!

ness har sagt:

Jannicke: Var ein tur innom bloggen din, og såg til stor glede to Top Gear innlegg på rad! Gode greier! Sesong ni har hittil, nok ein gong, klart å skape noko som får ein til å forestille seg det at det er betre enn det tidlegare laga av Top Gear. Slik har det vore alle dei siste sesongane. Du får forresten ei lita lenke av meg, til venstre på sida mi, saman med resten av filmbloggfolket.