Filmdagbok
ness
20-feb-2007

Point Break (1991)

Point BreakUser Rating: 6.5/10 (15,921 votes)

Surfethriller med godeste Patrick Swayze og Keanu Reeves, førstemann som steintøff surfeguru og andremann som fersk FBI-agent.

Bankranarar er på ferde, og dei kallar seg Ekspresidentane, noko som sjølvsagt inneber at dei brukar masker som skal likne både Nixon og Reagan og køyrer eit vrak av ein Lincoln. FBI sender Utah (Reeves) undercover i surfemiljøet for å spore opp ranarane.

«Point Break» er ingenting nytt, og eg lurar på korleis dette blei motteke i 1991 og. Filmen byr på ingen eller svært få overraskelsar, både handling og dialog kan brettast ut og forutsjåast etter 5 minutt. MEN, eg synst det gjekk unna likevel. Ein får seg eit par latterkuler av kor macho alt skal vere, og det blir trukke på smilebånda når Reeves viser kvifor standup-komikarar synst det er morosamt å parodiere han. Surfing og fallskjermhoppinga er derimot meisterleg festa til film, og eit fint syn.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10