Filmdagbok
ness
22-feb-2007

The Lost Room miniserie

The Lost Room3 episodar.

Sjå for deg ein nøkkel som kan opne alle dører, og som alltid leiar til det same motellrommet. Politibetjent Joe Miller kjem ved tilfeldigheiter over ein slik nøkkel, som ikkje berre opnar alle dører, men også opnar opp for eit mysterium så stort at det blir trudd det kan vere knytta direkte til gud. Dette er berre ein av teoriane som dukkar opp i ein Sci-Fi Channel serie som handlar om tilsynelatanda vanlege objekt med ekstraordinære eigenskapar.

Slike objekt er sjølvsagt interessante for spesielt interesserte eller skumle folk, og her har det blitt opna for eit breidt persongalleri i serien. Produksjonen har fått fleire kjente namn på lista, av dei kan eg nemne Peter Krause («Six Feet Under») og Kevin Pollak (masse rart). «The Lost Room» si sterke side ligg diverre ikkje i skodespelarprestasjonar. Serien kan virke upolert og billeg/enkel til tider, og dette blir bl.a. avspegla i rollebestninga, tross kjente namn.

Sjølv med eit preg av å virke billeg, eg har mine tvil om at den faktisk var det. «The Lost Room» er ein god serie. Enkel, men god. Mystikken og sci-fi elementa er fletta saman på ein lettgripande måte, som ein over 4.5 time får nok tid til å bli kjent med utan å gå lei. Det er lett å gripe hand om det som skjer når ein slepp å bruke fleire år på å sjå alt (liten usakleg «Lost»-diss?). Fordelen med miniserieformatet!

 

Du må vere innlogga for å kommentere.