Fast Food Nation (2006)
User Rating: 6.2/10 (1,011 votes)
Richard Linklater har gjort det, han har skapt ein film som virkar som indirekte samfunnskritikk, og som framstår som eit godt drama. Med seg har han fått eit godt skodespelarensemble som hjelper på å gjere samanhengane i filmen interessante.
Sidan eg ikkje sjekka for godt før eg satte meg ned med filmen, forventa eg meg ein komedie. Det eg fekk var sjokkerande sannheiter om sør-amerikansk hurtigmatproduksjon. Handlingane som blir gripe fatt i tek plass i småbyen Cody, som husar uttallige hurtigmatkjeder, samt eit av dei største slakteria i U.S.A. Fiktive namn blir brukt.
Alle sider av industrien, frå slakting til produksjon, planlegging til sal, får me fortalt kortare historiar, fletta laust saman på ein enkel måte. Ei kjede med namnet Mickey’s er tråden, og alle folka har ikkje nødvendigvis noko med kvarandre å gjere.
No skal eg ikkje prøve å forklare så mykje meir om kva filmen går ut på, sidan det lyser gjennom at det handlar om mat, og at ei brutal sannheit skal fram. Eg går eg over til filmen som heilheit i staden.
To timar varer den, litt i lengste laget, men Linklater har mange historiar han vil fortelje. Den viser litt frå her og der, og gir oss nok synspunkt og forteljingar å fordøye. Meir som ei kollasje enn ei historie som går mot ein slutt. I mine auger er dette gode saker, eg likar filmar som torer å kritisere utan å for Moore. Og som gir oss tid til å bli godt kjent med enkelte folk, likevel om det går på bekostning av andre.
Dette blei ein del fram og tilbake føler eg, «Fast Food Nation» er ikkje den lettaste filmen å skrive om. Den gjorde inntrykk og fekk meg til å føle avsky enkelte stader, andre er den for snill på. Mange kjente ansikt dukka opp på skjermen (ein del eg ikkje kunne namna på rett nok) og gav mang ei aha-opplevelse utover filmen. Bruce Willis blant anna; dukkar opp i ei enkel scene der han viser kor god skodespelar han er, for så å forsvinne igjen.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
