Filmdagbok
ness
25-feb-2007

Chuen jik sat sau (2001)

Fulltime KillerUser Rating: 6.8/10 (2,072 votes)

Hong Kong action i «Fulltime Killer» stod på programmet i dag, min andre Johnnie To film denne veka. Me går tilbake til 2001 og får ein film med Andy Lau, Takashi Sorimachi og Simon Yam i dei største rollane.

O (Sorimachi) er leigemordar nummer 1 i og rundt Hong Kong (den delen av Asia). Tok (Lau) er misunneleg på denne posisjonen, og meinar at han sjølv er ein flinkare leigemordar. Ved å utføre drap på spektakulere vis, ofte som vist på film (her finn me referansar til både «Leon» og «Point Break»), trekk han merksemd til seg og klarar å skape seg eit namn. Oppi alt dette her føregår ei politietterforsking på desse, på tvers av landegrensene. Detektiv Lee (Yam) forsøker å jakte ned både Tok og O.

«Fulltime Killer» er litt rotete. Eg hadde problem med å henge med på alt til tider. Betre blir det ikkje når Chin (Kelly Lin) ein plass seier namnet til Tok på voice-over, mens ein ser på bilde at ho meinar O! Forvirring til tross, actionbiten av filmen er ingenting å klage på. Heftige shootouts dukkar regelmessig opp. Får ein tak i historia der filmen ikkje rotar det til for seg sjølv, så blir det heile interessant oppi adrenalinrushet.

Oppsummert: God Hong Kong actionthriller med gode skodespelarar, stilige skytesekvensar, påtenkt eller uheldig forvirring, men solid underholdning. Den når ikkje heilt opp til «Exiled» (som eg såg for nokre dagar sidan). «Fulltime Killer» får likevel meir enn godkjent.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 

Stengt for kommentering.