Gridiron Gang (2006)
User Rating: 6.6/10 (2,785 votes)
«Coach Carter», «Finding Forrester», «Gridiron Gang». Tre filmar med fengande titlar, som alle handlar om svart ungdom som blir gitt ein sjanse. I vårt tilfelle er det snakk om «Gridiron Gang», som føyer seg inn i denne korte (og sikkert ufullstendige) rekka av feel-good filmar.
Camp Kilpatrick, LA, USA. Senter for ungdom i trøbbel, ei blanding mellom eit fengsel og ein leir. Utgongspunktet for historia om ei gruppe unge menn som saman vil forme Kilpatrick Mustangs, eit amerikansk fotballag. Dawyne Johnson portretterar coach Porter som kjem på ideen om å starte eit slikt lag i forsøk på å gi nokre av dei innsatte ein grunn til forbetre liva sine.
Oppskrifta, basert på sannheit eller ikkje, er brukt i massevis før. Faktumet at «Gridiron Gang» er ein av dei med rot i verkelegheita gjer ikkje noko frå eller til, filmen må til sjuande og sist kunne stå på eigne bein. Her går det heldigvis bra, sett bort frå små detaljar her og der, og at filmen spelar for mykje på sympati for den unge gruppa, så gjorde den eit inntrykk.
Dwayne Johnson, i fleste tilfelle kjent som The Rock, viser seg frå ei uvant side når han inntrer rolla som forbilde og autoritet framfor rein muskelmann, i ei hovudrolle gjennom ein heil film. Han har meir å hente, spesielt ved å bruke karismaen sin, men dommen er positiv.
Eg kjem ikkje unna bodskapen til ein film av denne typen. Det lyser gjennom at om ein prøver hardt og verkeleg vil, så kan ein utrette noko. Inntrykket eg sit igjen med er difor eit godt eit, filmen klarte også å røre litt på det mest alvorlege, nydeleg!
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
