Harold Crick er ein tilsynelatande normal person i ein normal jobb, med einaste problem at han er for normal, og då eit perfekt utgongspunkt for å bli ein karaktert i ei fiksjonshistorie. Slik er det at det startar, med ein voice-over som forklarar nettopp kor kjedeleg og forutsigbar Harold er. Ikkje lenge etter at me har blitt introdusert, blir Harold merksam på voice-overen, og grensene mellom fiksjon og realitet blir utviska.
Tragedie eller komedie, det er spørsmålet Harold stiller seg sjølv om han er ein del av. Frå tidleg av, historisk sett, på den tiden Dante Alighieri skreiv den (guddommelege) komedie definisjonen av ein komedie at det ikkje var ein tragedie. Men når det er ei tragisk historie som blir gjennomført med delvis vekt på det komiske, kva skal det kallast då? Vel, heldigvis har ord utvikla seg og eg kategoriserar filmen enkelt som tragikomisk. Punktum.
Følelsar er noko av det viktigaste på film, og «Stranger Than Fiction» scorar høgt på dette område. Utan å bli for sentimental får den meg til å kjenne situasjonen til Crick på kroppen. Dette blei eg litt overraska over. Surrealistiske filmar som prøver å skape eit spesielt miljø for ein eller fleire av karakterane sine, og samtidig legge vekt på å vere morosame, klarar i mange tilfelle ikkje appellere til tårekanalane mine.
Mannen som får snudd livet opp ned i denne filmen blir spelt av ingen ringare enn Will Ferrell, ein skodespelar som hoppar frå den eine komedien til den andre, og som ofte landar skeivt. I «Stranger Than Fiction» går det bra, sjølv om det ikkje er så nøye kva Will Ferrell gjer ut av seg. Harold Crick er ei enkel sjel som står så sterkt på eigne bein frå manuset si side at eg fristar å sei at Will Ferrell enkelt kunne ha blitt erstatta, utan at eg ytrar ønske om det hadde vore eit faktum.
Avslutningsvis hadde eg tenkt å komme med nokre syn på kva andre har meint om filmen, men står over. Simpelt hen fordi det blir for langt om eg skal prøve å begrunne syna mine, så eg fokuserar på filmen åleine. Ein film som innfrir alle forventningane mine, som treff dei rette punkta og får meg til å smelte som sjokolade i små omnsbakte cookies, og berre nyte filmen i eit einaste langt sukk, berre avbrote av ein skvett kaffi. Litt overdrive, men du ser poenget!

Surfethriller med godeste Patrick Swayze og Keanu Reeves, førstemann som steintøff surfeguru og andremann som fersk FBI-agent.
I «Harry Potter and the Goblet of Fire» har tre store magiskular samla seg for å delta i Triwizard Tournament: Durmstrang, Beauxbatons og turnerningshaldaren Hogwarts. Som det ligg i namnet skal tre deltakarar kjempe om ein av magiverda sin gjevaste pokalar, men mystiske omstendigheiter fører til at Harry Potter blir med som ein fjerde ufrivillig deltakar. Eit godt grunnlag for ein film, som kanskje er den filmen til no som heng best saman. Ulempa er at bøkene etter kvart har blitt så tjukke at meir har gått tapt, noko som merkast for min del, ettersom det ikkje er så altfor lenge sidan eg las denne boka. Ser eg bort i frå dette så er dette ein god film, som grip solid tak i alvoret rundt interessante menneskeskjebnar. Hat, kjærleik, sorgar og gledar kjem tydeleg fram og gir ein film som eg kan leve meg godt inn i. Den siste regissøren inne i bilde, Mike Newell, får betre enn godkjent, kanskje nærare O for outstanding.
«Harry Potter and the Prisoner of Azkaban» introduserar ein ny regissør i serien, Alfonso Cuarón, som nyleg stod for sci-fi thrilleren «Children of Men». SmÃ¥ungane har no blitt 13 Ã¥r, og den enkle hugseregelen med Ã¥ ta siste siffer i alderen Ã¥ bruke det som klassesteget pÃ¥ Hogwarts fortel oss at det er tredje Ã¥ret me skal utforske. EndÃ¥ ein gong blir historia eit hakk mørkare enn forrige, og med det kjem dei heftige trylleorda som Expecto Patronum og Expelliarmus. Handlinga spinn rundt Sirius Black si rømning frÃ¥ Azkaban, og restriksjonane som blir innført av Ministry of Magic i den forbindinga, som at eit hav av dementors (skapningar som sug ut gleda av folk tett opptil) oppheld seg rundt Hogwarts. Med «Harry Potter and the Prisoner of Azkaban» er eg tilbake der eg starta: mitt første møte med Harry Potter var via denne filmen i 2004, og eg hugsa godt at eg blei positivt overraska etter Ã¥ ha forventa det verste (den gongen eg tenkte at alt som var populært var dÃ¥rleg, akkurat som god kunst ikkje er for «hoi polloi»). Filmen stÃ¥r framleis sterkt, men gÃ¥r diverre sÃ¥ altfor fort over, og lid kanskje litt meir over at den mÃ¥ utelate sÃ¥ mange detaljar som gjer bokversjonen god. God underhaldning er det likevel, rollebesetninga har klatra eit steg pÃ¥ stigen (dei unge), og Sirius Black blir spela av ingen ringare enn o’ store Gary Oldman.
«Harry Potter and the Chamber of Secrets» er andre filmen i rekka, og baserar seg på Harry sitt andre år på Hogwarts. Mørkare, meir spennande og betre gjennomført er passande stikkord. Detaljnivået i forhold til boka er derimot ei heilt anna side, for her blir filmen litt overfladisk i forhold. Eg klagar likevel ikkje, for sjølv om «Harry Potter and the Chamber of Secrets» er i overkant på lengda av det eg ser på som optimalt for film, så køyrer Chris Columbus løpet fullt ut i sin andre (og siste) Potterfilm som regissør. Som tittelen hinta til er det snakk om eit hemmeleg (eller mystisk) kammer, på Hogwarts, med eit grusomt monster i. Kammeret får ikkje all merksemd her, med den delen av historia åleine kunne filmen klart seg på betrakteleg kortare tid. Her blir det brukt tid på å utdjupe og opne for fleire sider av trollmannverda, som seinare kjem til å spele ei viktigare rolle, og som absolutt er til å drøyme seg vekk i.
«Harry Potter and the Sorcerer’s Stone» var først ute pÃ¥ lista, som ein av dei to filmane eg ikkje hadde sett tidlegare. Ettersom det var ei god stund sidan eg sÃ¥g ein Harry Potter film i heile teke, sÃ¥ var eg mildt sagt veldig spent pÃ¥ Ã¥ møte unge Potter og vennene hans igjen, etter Ã¥ ha brukt dei siste mÃ¥nadane pÃ¥ Ã¥ roleg lese meg gjennom dei seks publiserte bøkene (pÃ¥ engelsk sjølvsagt!). «Harry Potter and the Sorcerer’s Stone» handlar om Harry sitt første Ã¥r pÃ¥ Hogwarts (ingen Galtvort her i gÃ¥rden!), og er rimeleg lys i forhold til seinare filmar. Sentralt i handlinga er altsÃ¥ denne «de vises stein», som blant anna er etterlengta av mørke krefter. Filmen ber preg av at dei unge sentrale skodespelarane er rimeleg ferske framfor kamera, og heller ikkje spesialeffektane er noko Ã¥ skryte av. Det gjer ikkje sÃ¥ mykje, magien er bevart godt nok til Ã¥ gjere det kjekt. 2t 30min blir heller ikkje for mykje i ein slik samanheng.
«Jesus er magisk», det er ikkje den nyleg oppstarta komiserien til Sarah Silverman. Eg synst ho prøver for litt for lite å vere morosam, i form av at ho har bomma på det som skal til i ein komiserie. No er ikkje «The Sarah Silverman Program» reinvaska for gode innslag, noko dukkar det opp her og der. På spørsmålet om det er verdt å følge med på i lengden vil eg sei nei. For meg var to episodar nok.
Jeremy Clarkson, James May og Richard er i gong igjen med bilprogrammet sitt for 9. gong. Det var jo ein periode utvisst omkring situasjonen til etter eit solid krasj, men alt ser ut til Ã¥ vere ved sitt gamle igjen no. Dette betyr sjølvsagt at det blir levert kvalitet frÃ¥ øverste hylle. Som i tredje program, dÃ¥ mennene kjøper seg billeg bruktbil i Florida ($1000) og legg ut pÃ¥ road trip til New Orleans, med sprø utfordringar pÃ¥ vegen som Ã¥ køyre gjennom Alabama med pÃ¥mÃ¥la slagord som «Nascar sucks» og «Hillary Clinton for president».
Eg hadde pause med kryponittpåverka problemskaparar inntil nyleg, som betydde seks episodar i strekk. Årsaka var den at serien dabba litt av i byrjinga av sesongen, og eg måtte få ein solid samla dose for å få ny giv. Det skadar ikkje at episode 10 til og med 15 var gode heller i «Smallville-samanheng. Den svært så etterlengta kontroversen mellom Clark Kent og Lex Luthor har forma seg bra no, etter mange sesongar med gradvis forverring av vennskapet. For dei som ikkje har sett serien: den tek altså ein anna vri enn teikneserie og film. Mørke tider i slike seriar er alltid bra!
Tenacious D har ei langt historie, som strekk seg tilbake til første halvdel av 1990-talet. Seriøst populære blei dei ikkje før tv-serien «Tenacious D» kom på HBO i 1997, og etter kvart slo skikkeleg gjennom når dei lanserte debutalbumet i 2001.
4 episodar.
Pedro Almodóvar, mannen bak fleire kritikarroste og publikumslikte filmar som eg sjølv ikkje har sett, har samla ei lita gruppe spansktalande kvinner som inkluderar Penélope Cruz og nokre andre gode, men for meg ukjente, skodespelarinner. Desse spelar mor, dotter, søsken, eller enkelt sagt ein familie som ser ut til å gå gjennom nokon harde tider.